Kvamme i Oldedalen ligg i Oldedalen i Stryn kommune.

Flaum på Kvamme i Oldedalen
Foto: Anna Kvamme Homdroms album/Jarl V. Erichsen

Les meir om garden Førde som forsvann, og som noe er lagt til Kvamme - Førde i Oldedalen (No under Kvamme i Stryn gnr 17)

Namnet Kvamme

Namnegranskaren Olaf Rygh: Ivar Aasen forklarer "KVAM" i sin ordbok 1850: Den gammalnorske forma var Hvammr, i dat. Hvammi som tyder ein stutt, flå dal, med opning til eine kanten. Namnet høver godt etter lendet. Namnet er i mellomalderen skrive: Huamme (dat.), sidan Quamme, Quame, Qvamme. (Aaland II s 88)

Fornminne

Frå Oldssaksamlinga har me fylgjande tekst, henta frå Per Fetts serie ”Førhistoriske minne på Vestlandet”. [1]

For var før eigen gard, men skreid ut. Funnkartet nr. 1. Johan J. Kvamme, bnr. 1. Grav låg "innunder Hamrane", som er eit hamralag S for tunet. Funns taden er 200 m SV for stova, 6-8 m nedanfor hamaren der han er låg, noko N for midten av heile laget. Der er flinthard leirbotn og like nedanfor er eit søkk etter leirtak. På leira var ein del runde steinar som forma eit rom, steinlaget skal ha vore 13 m i tvm. I romet låg sverdodden mot S. Det såg ut som det var brent på steinane, men oldsakene er ubrende.

Funnkartet nr. 2 Vik. ubrend mannsgrav frå fk. nr. 1. Her er sverd, øks, spjut, to piler, skjold, to knivar, hamar, sigd, bryne, steikepanne, klebergryte. Alt så nær som gryta er deponert i U. O. der dei har nr. C 23588. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23 og U. O. Årbok 1943-44.

Skiferbryne f. i Høgalmebakken. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23. Kelt. klebergryte f. i Høgalmebakken på bnr. 5, Markus Kvamme.("Høgalme-" har ikkje noko med gnr. 23 å gjere). Staden er 150 m S for fk. nr. 1, 15 m VSV for sørenden av hamralaget, der ein liten bekk renn ut. Her er tre grusrygger som no vert utjamna, funnet er gjort i den sørlengste og største, utvaska av regn på overflata etter jordarbeid. Nr. 2 på funnkartet. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23. Litteratur: Shetelig 1932 s. 39, 49.

Over Jostedalsbreen

Amund Helland utgav i 1901 ei større skildring av Nordre Bergenhus[2]. Der finn vi ei skildring frå ikring 1750 av Matthias Foss der han viser korleis Kvamme var eit naturleg punkt på kryssing av Jostedalsbreen i gamal tid:

«Over denne Iisbræ kan man fare til og fra Justedalen paa tvende Steder til Indvigs Præstegield i Nordfiord, baade gaaendes og farendes med Kløv og Kreaturer, som man der pleier at tilforhandle sig. Nemlig her i Krondalen reiser man fra Gaarden Bersæt til et Annex, kaldet Aalden, hvor den første Gaard, man kommer til paa hiin Side af Bræen, kaldes Qvame; og bestaaer denne Veis Længde af halvtredie Miil. Her er Iisbræen saa stor, at Skyerne støde an paa den, og de høieste Fielde ligge dybt neden for den som en Afgrund, at man knap engang kan see dem, mindre tage Mærke paa dem til sin Reises Fortsættelse, saa man, for ikke at fare vild, har opsat Varer paa Bræen af Træ som Milepæle og endda maa man have med sig herfra velbekiendte Folk til Ledsagere; at man ikke skal enten fare vild eller falde ned i de forborgne dybe Huler og Gab, som paa sine Steder findes paa Bræen, hvor Sneen kan være sammendreven og ligge løselig ovenpaa Hulerne og bedække dem. Denne Vei fares ei saa jevnlig, saasom den besværligste og farligste.

Om bruk og brukere

Tidligere brukere og folk på Kvamme

  • Aamund Rasmusen Quame, Ole Haversen Quame og Rasmus Johansen Quame er blant underskriverne i 1709 på et brev til Stiftsamtmannen. Der gjentar de sin klage over bondelensmannen Christian Biørnschou og krever ham avsatt.[3]
  • I 1794 avholdes det skifte etter "Gaardemand" Anders Haaversen Qvame.[4]

Dei enkelte bruka

Nigard Utigard Sjur Johans Ingebrigt Utogned Kvamsland Solbakken Fjelltun

Vi skriv artikkel for kvart bruk:

Plassefolk

Rasmus og Barbro

Rasmus Rasmussen og Barbro Olsdatter er plassefolk i 1865. Rasmus er 28 år i 1865 og er husmann uten jord. Han omtales som "Bordarbeidsmand". Barbro er 29 år i 1865. [[1]]

Rasmus og Barbro har:

  • Rasmus Rasmussen, 1 år i 1865.

I 1865 bor Kristi Olsdatter hos dem som losjerende. Hun er 32 år i 1865 og er skredder.

Anders og Synneve

Anders Anderssen og Synneve Anthonsdatter er plassefolk i 1865. Anders er "husmand med jord" og er 60 år i 1865. Kona Synneve er 59 år i 1865.

Anders og Synneve har:

  • Dorthe Andersdatter, 22 år i 1865.

I 1865 har de seks kuer, ti får, syv geiter og én gris.

Andre notater

Sætrer

I 1933-37 samla Institutt for sammenlignende kulturforskning informasjon om sæterbuk. Der finn vi noko informasjon om sætrane på Kvamme[6]:

Gardsnummer 17 - Kvamme

  • Bruk 1 - Utigard - Kvamssætri (ytste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 5 - Ut- og nedbruket - Kvamssætri (ytste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 2+3 - sjurbruket - Kvamssætri (inste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 4 - Ingebrigtbruket - Kvamssætri (inste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.

Minner og utklipp

Referanser

  1. (Ref. In 5 / 1318 II / LP 8443 / AU 086-1 / 509.E6 / KVAMME, gnr. 97.)
  2. Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 14 D. 1 : Nordre Bergenhus Amt Den almindelige del
  3. https://www.nb.no/items/da97ddbb8dd3d33baefa1da0b2e2f6fc?page=73&searchText=Quame
  4. Efterretninger fra AdresseContoiret i Bergen" 17/5 1794
  5. Bergens Adreessecontoirs Efterretninger 17/5/1794
  6. RA, Instituttet for sammenlignende kulturforskning, F/Fc/L0012: Eske B12:, 1933-1937, s. 105 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/pr10081308202125