Kystgeit

Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter forvilla utegangargeiter frå Selje i Nordfjord og Sande kommune og Herøy kommuneSunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking.