Lærarkurset i Sogndal 1885

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. jan. 2013 kl. 14:20 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: Lærarkurset i Sogndal 1885 vart halde i august-september på Sogndal folkehøgskule. Folkehøgskulen hadde tre år før skipa til [[Lærarkurset i Sogndal 1882|eit liknande kurs...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lærarkurset i Sogndal 1885 vart halde i august-september på Sogndal folkehøgskule. Folkehøgskulen hadde tre år før skipa til eit liknande kurs.

Kurset hadde følgjande emne og lærarar:

Kurset samla 31 faste deltakarar og 12 som var med i stuttare tid, så i snitt var det 35 som følgde kurset.

Sogndal folkehøgskule fekk tilskot til kurset frå Stortinget etter å ha søkt i lag med folkehøgskular i Trøndelag og på Austlandet. Ordskiftet om søknadene til dei tre kursa førte til ein svært lang og oppheta debatt i Stortinget. Dette kom knapt to veker før Stortinget skulle ha opp framlegget til jamstellingsvedtak, og hovudtyngda av det prinsipielle ordskiftet om jamstellingsvedtaket kom difor på saka om lærarkurs.

Folkehøgskulestyrar Henrik Mohn Dahl var vararepresentant til Stortinget og møtte mars-juni 1885. Han var aktivt med i ordskiftet om tilskot til landsmålskurset.

Folkehøgskulen heldt eit liknande kurs i 1887.

Kjelde

  • Bondevik, Kjell (red.). (1971). Sogndal folkehøgskule i 100 år - 1871-1971. Sogndal, s. 56.