Lars Aarskog
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Lars Aarskog (født 11. oktober 1891 i Vartdal på Sunnmøre, død?) var lærar og underoffiser. Han engasjerte seg dessutan i fråhaldsarbeid, ungdomslag og songlag.
Han var son av Iver Andr. Aarskog og Ingeborg Nikolina. Lars Aarskog gjekk i 1907 ut frå Vartdal arbeidsskule, og i 1916 tok han eksamen ved Volda lærarskule. Året etter tok han underbefalskurset på Værnes.
I 1916 var Aarskog lærar i Vatne, i Hellestranda og Vestrefjorden krins. Året etter var han tilsett i Vestrefjorden. Frå 1918 var Lars Aarskog tilsett i Follestaddalen i Ørsta.
Han var formann og kasserar i Ørsta lærarlag, og var lærarane sin representant i skulestyret i bygda. I 1918 vart han formann i Follestaddalens barnefråhaldslag, han var formann i ungdomslaget i bygda og var instruktør for Follestad songlag. Aarskog hadde idrettsmerket, marsjmerke og skarpskyttermerket.
Lars Aarskog vart i 1918 gift med Johanne Birkevoll (1897-?), dotter av Elias og Marta Birkevoll. I 1934 hadde dei fire søner og to døtrer.
Kjelder og litteratur
- [ DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. )]
- Lars Ivarsen i folketeljinga 1900 for Vartdal herred frå Digitalarkivet
- Lars Iversen Aarskog i folketeljinga 1910 for Ørsta herred frå Digitalarkivet
Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket