Lesjaskog kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Lesjaskog kyrkje''' (før 1855 '''Lesjaverk kyrkje''') vart bygd ved Lesja jernverk i åra 1695 til 1697 av eigarane av verket. Utgiftene til bygginga vart rekna til ca 6...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
*Berg, Per Sigmund 1968: ''Lesja Jernverks Historie''. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i [[Årsskrift for Lesja historielag]] (utan fotnotar) 1983-1986.
*Berg, Per Sigmund 1968: ''Lesja Jernverks Historie''. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i [[Årsskrift for Lesja historielag]] (utan fotnotar) 1983-1986.
*Rønningen, Gunnar: ''Lesjaskog kirke - verkskirken fra 1697 og tidens byggeskikk''. I ''Lesjaskog kyrkje 300 år 1697-1997''. Lesjaskog menighetsråd
*Rønningen, Gunnar: ''Lesjaskog kirke - verkskirken fra 1697 og tidens byggeskikk''. I ''Lesjaskog kyrkje 300 år 1697-1997''. Lesjaskog menighetsråd
*[[Ola Skotte]] og [[Sigurd Einbu]] 1949: ''Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna''
*[[Ola Skotte|Skotte, Ola]] og [[Sigurd Einbu]] 1949: ''Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna''


[[Kategori:Lesja kommune| ]]
[[Kategori:Lesja kommune| ]]
[[kategori:Kirker i Oppland ]]
[[kategori:Kirker i Oppland ]]

Sideversjonen fra 5. mai 2009 kl. 16:08

Lesjaskog kyrkje (før 1855 Lesjaverk kyrkje) vart bygd ved Lesja jernverk i åra 1695 til 1697 av eigarane av verket. Utgiftene til bygginga vart rekna til ca 600 riksdaler, og ho var derfor å rekne som ei «bedriftskyrkje». Det er uklart når Lesjaskog sokn eigentleg vart oppretta som anneks under Lesja prestegjeld. Verkseigaren Pål Holst Irgens stod for ombygging av kyrkja i 1767.

Etter at drifta ved jernverket vart avvikla i åra kring 1800 kom spørsmålet om plasseringa av kyrkja opp, for verket låg i eine enden av det lange soknet, og hovuddtyngda av folket bådde lenger vestover ved Lesjaskogvatnet og Bjorlie. Alt i 1826 vart det søkt om å få flytte kyrkja, men det vart avslag. I 1845 kom saka opp att, og i 1848 fekk bygdefolket ved kongeleg resolusjon løyve til å flytte kyrkja. Flyttinga vart utført i 1855 og den gamle kyrkja vart innvigd som Lesjaskog kyrkje 20. september det året.

I 1909 vart kyrkja restaurert. I 1964 vart det bygd ny kyrkje på tufta der den gamle verkskyrkja hadde stått. I kyrkjeregisteret til Riksantikvaren er kyrkja innført som Lesjaverk I i perioden 1695-1855 og deretter som Lesjaskog I.

Litteratur

  • Berg, Per Sigmund 1968: Lesja Jernverks Historie. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i Årsskrift for Lesja historielag (utan fotnotar) 1983-1986.
  • Rønningen, Gunnar: Lesjaskog kirke - verkskirken fra 1697 og tidens byggeskikk. I Lesjaskog kyrkje 300 år 1697-1997. Lesjaskog menighetsråd
  • Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna