Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-32

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Bjørkedal
Foto: Heidi T. Sletten (2009)

Sigurd Asgeir Bjørkedal (fødd 6. mai 1920, død 15. mars 2011 i Eid) var båtbyggjar, bonde og lokalpolitikar i Volda kommune. Bjørkedalen i Volda har lange båtbyggjartradisjonar, og han var ein vesentleg tradisjonsberar innanfor dette feltet. Arbeidet hans var viktig for å ivareta tradisjonen med å klinkbyggje trebåtar både lokalt på Sunnmøre og i nasjonal samanheng. 21. november 2009 fekk Sigurd HM Kongens fortenestemedalje i sølv. Sigurd Bjørkedal var son av båtbyggjar Daniel Jakobsson Bjørkedal (1880-1960) og Kanutte Severine Sivertsdotter (1888-1985). Sigurd var gift med Signe Aasen (1923-2006) frå Nordfjord. Dei budde på farsgarden Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen, Volda. Saman med Signe fekk Sigurd sjølv seks barn, derav tre søner som og vaks opp med arbeidet i båtskotet og i dag fører handverket vidare. Sigurd tok ikkje berre vare på arven frå forfedrane sine, men formidla den òg vidare til sønene sine.Les mer...