Måløysundet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. okt. 2012 kl. 14:18 av Thoni (samtale | bidrag) (Ny side: Måløya og Måløysundet. På Måløya i Herøy kommune i Møre og Romsdal, står ein gamal steinvarde som syner leia gjennom sundet. Seglingsmerket vart sett opp av Fyr og ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Måløya og Måløysundet. På Måløya i Herøy kommune i Møre og Romsdal, står ein gamal steinvarde som syner leia gjennom sundet. Seglingsmerket vart sett opp av Fyr og Merkevesenet i 1894. Her startar Fjordmannsleia ut mot havet.

Måløya kan ha namnet sit frå det gamalnorske ordet mål, som tyder tale. Øya kan ha vore ein samlingsstad, der ein har halde ting, màlstefna.

Ikkje langt frå øya ligg tufta av eit leidangnaust og ein avrettarholme. Dette kan ein sjå i samanheng med ein tingstad.

Frå omkring 1600 var der ein brukar på øya. Ikkje før på slutten av 1800-talet vart garden delt i to bruk. I tillegg til gardsdrift vart det drive med litt handelsverksemd her i 1770-åra. I 1809 kjøpte lensmann Sivert AarflotEgset i Volda, øya. Garden vart verande i hans etterslekt sitt eige til 1899. Det er ikkje fastbuande på øya i dag.

Kjelder

  • Håvard Hatløy


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Måløysundet er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.