Mannebruvegen
Mannebruvegen i Bø i Telemark går nordover frå Gvarvvegen ved Åsgrav til krysset med Gåravegen, der han fortsett som Sverdmyrbakken til Hørte.
Vegen har namn etter brua Mannebru og blei namnsett i 1991. Han er 570 m lang og kryssar Bøelva på Mannebru. Mannebruvegen er ein del av Fv 151.
Tidlegare endte Mannebruvegen ved kommunegrensa mot Sauherad noko nord for Hvitsandvegen. Endringa skjedde i 2018 i samband med den foreståande kommunesamanslåinga mellom Bø og Sauherad i 2020.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
- Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing, 2018.