Mathilde Berendsen Nathan
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og komponist av dansk-jødisk bakgrunn.
Oppvekst og familie
Mathilde Berendsen vart fødd den 20. juni 1857 i København i Danmark som det femte av i alt åtte born av Esther, f. Ballin (1823–1905) og målarmeister Joachim Berendsen. Mora, Esther f. Ballin, vart i sin tur fødd i Vejle i 1823 åt Hanne, f. Peiser (1800–1862) og Joseph Joel (Yuzpa Yoel) Ballin (1789–1839). Mathildes morbror var den kjente dansk-jødiske grafikaren Joel Ballin (1822–1885).
I 1884 gifta ho seg med John Nathan (f. 4. juni 1859, d. ? ), son av Nathan Nachmann Nathan. John Nathan var klesgrosserar av yrke. Etter at far hans døydde på jom kippur i 1897 og fram til 1903 var han forstandar for Det mosaiske Trossamfund i Kristiania.
Mathilde og John fikk tre born:
- Mary Nathan (f. 13. juni 1885 i Kristiania, d. 2. mai 1970 i Oslo)
- Einar Nathan (f. 23. desember 1886 i Kristiania, d. ca. 12. desember 1942 i Auschwitz)
- Sigurd Nathan (f. 24. oktober 1891 i Kristiania, d. 22. juni 1961 i New York)
Mathilde og John reiste til USA i 1920, og etterkvart busette dei seg i Italia. Mathilde døydde ved kurstaden i Merano i Nord-Italia den 22. februar 1926. John Nathan døydde den 20. november 1932 i Karlsbad.
Musikken
Mathilde Berendsen Nathan studerte piano hos Edmund Neupert ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og fikk etterkvart reisestipend for vidare studiar i Paris, der ho var elev av Madame Rabaud. Ho heldt konsertar både i København og Paris, og etterkvart òg i Brødrene Hals sin konsertsal i Kristiania. Etter påtrykk av mannen trappa ho ned konsertverksamheita og konsentrerte seg meir om komposisjon for klaver.
Konsertliste
Dato | Lokale | Stad | Musikarar | Repertoar | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|
8. september 1883 | Brødrene Hals' Koncertsal | Christiania | Thekla Nathan, Mathilde Berendsen | ||
Verkliste
Opus | Namn | Publ.stad | Utgjevar | Datering | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|
1 | Tre Etuder for Piano (Etude melodique, Studie, Oktav Etude) | Warmuth | 1890 | tilegnet Forlæggeren | |
2 | Polka Mignonne for Piano | Warmuth | 1890 | ||
3 | |||||
4 | Scherzo | 1893 | |||
5 | Ungarisch : Skizze | Kristiania | Norsk Musikforlag | ca. 1895 | |
6 | |||||
7 | |||||
8 | |||||
9 | |||||
10 | Capriccio | Oluf By | 1908 | ||
11 | |||||
12 | Vuggevise | Oluf By | 1909 | ||
13 | Gavotte | Oluf By | 1909 | ||
14 | |||||
15 | |||||
16 | |||||
17 | |||||
18 | |||||
19 | |||||
20 | |||||
21 | |||||
22 | |||||
23 | |||||
24 | |||||
25 | |||||
26 | |||||
27 | |||||
28 | |||||
29 | |||||
– |
Politikken
Kjelder
- «Mathilde Berendsen Nathan» på bokmålsutgåva av Wikipedia
- Singer, Isidore; Nathensen, L.: «Ballin, Joel» på Jewishencyclopedia.com
- «Mathilde Berendsen-Nathan» i Lindhjem, Anna: Kvinnelige komponister og musikk-skole-utgivere i Skandinavien. Fredrikstad Centraltrykkeri, 1931.
- «Esther Berendsen» - namnesøk på MyHeritage.com