Mikkel Nilsson

Sideversjon per 15. aug. 2011 kl. 07:43 av Oddloho (samtale | bidrag) (Tillegg om tiendmanntala)

Mikkel Nilsson (fødd kring 1595[1] og død 1634[2]) var sokneprest i Jostedalen. Albert Hatting skriv at han var son av sokneprest Nils Mikkelsen i Luster og kapellan hjå far sin frå 1618, og sokneprest i Jostedalen frå 1621.[3]

Mikkel er nemnd i tiendmanntalet 1620-21 der det står at han slottsherren har løyvt "Prestenn ... Her Miekell" kongetienda. Det same er tilfelle i manntala for 1626-27 og 1627-28, som seier at grunnen er "megen Ringe Rente och Indkombst" i prestekallet.Siteringsfeil: Avsluttende </ref>-tagg mangler for <ref> I brevet får allmugen i Jostedalen ein kraftig oppstrammar for å ha stelt dårleg med presten Mikkel. Dei har nekta å frakte kornet hans opp frå sjøen, og dei har nekta han degnemæla som han etter kallsbrevet hadde krav på. I kyrkjestolen er han nemnd som kyrkjeombodsmann 1631-1634, og av den siste rekneskapen går det fram at han då var død.

Notar

  1. Øyane 1994, s. 326
  2. Kyrkjestolen 1634, fol. 164b, Digitalarkivet
  3. Hatting c1775, s. 113, attgjeve i seinare framstillingar (t.d. Lampe 1896, s. 1), men uklårt kjeldegrunnlag

Litteratur

  • Hatting, Albert. (c1775). Forsøg til en Præste-Historie, eller nogenlunde Efterretning om det Bergenske Clerisie fra Reformationen til værende Tiid. (Tredie Deel.) Utrykt manuskript, Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms.4° 57. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 1. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)


Forgjengar:
 Jens Jonasson 
Prestar i Jostedalen
(ca 1620–ca 1634)
Etterfølgjar:
 Otto Hansson Ravn