Mikkel Nilsson
Mikkel Nilsson (fødd kring 1595[1] og død 1634 eller 1635[2]) var sokneprest i Jostedalen. Albert Hatting skriv at han var son av sokneprest Nils Mikkelsen i Luster og kapellan hjå far sin frå 1618, og sokneprest i Jostedalen frå 1621.[3]
Mikkel er nemnd i tiendmanntalet 1620-21 der det står at slottsherren (over Bergenhus) har løyvt "Prestenn ... Her Miekell" kongetienda. Det same er tilfelle i manntala for 1626-27 og 1627-28, som seier at grunnen er "megen Ringe Rente och Indkombst" i prestekallet.[4] Manntalet for 1619 er tapt, og i 1618-manntalet var han ikkje sokneprest. Han må såleis ha vorte sokneprest i Jostedalen ca 1620 utan at det kan tidfestast nøyaktig. Mikkel har truleg fått kongetienda fram til 1632. Etter å ha vore fråverande i tiendemanntala i lensrekneskapane, er Jostedalen igjen komen inn att i manntalet over kongetienda for 1. mai 1632 til 1. mai 1633 (under Hafslo prestegjeld).[5]
Dei fattigslege tilhøva sokneprest Mikkel levde under, kjem tydeleg fram i kartlegginga av kyrkje- og prestebordsinntektene i 1624-26. Her går det fram at fleire kyrkjer i Sogn ytte korn av kyrkjetienda "thill en fattige Prestemands Vnederholdning i Jøstedallen", og inntektene til soknepresten vert oppsummert som 1/2 laup smør eller 4 melar korn frå kvar av dei 21-23 gardbrukarane og 10 tønner korn frå dei andre kyrkjene i Sogn. Jostedalen vert her omtala som eit kapell under Luster prestegjeld.[6]
Ei viktig kjelde frå Mikkel si tid som sokneprest er eit brev frå 1625.[7] I brevet får allmugen i Jostedalen ein kraftig oppstrammar for å ha stelt dårleg med presten Mikkel. Dei har nekta å frakte kornet hans opp frå sjøen, og dei har nekta han degnemæla (sjå degn) som han etter kallsbrevet hadde krav på.
I kyrkjestolen er han nemnd som kyrkjeombodsmann 1631-1634. Han døydde i løpet av rekneskapsåret som vara frå 1. mai 1634 til 1. mai 1635.
Notar
- ↑ Øyane 1994, s. 326
- ↑ Kyrkjestolen 1634, fol. 164b, Digitalarkivet
- ↑ Hatting c1775, s. 113, attgjeve i seinare framstillingar (t.d. Lampe 1896, s. 1), men uklårt kjeldegrunnlag
- ↑ Kongetienda 1620, 1626 og 1627 (Jostedal historielag)
- ↑ Tiendemanntal for Sogn 1632-33 (Digitalarkivet)
- ↑ Kyrkje- og presteinntekter (1624-26) (Jostedal historielag)
- ↑ Brev 1.8.1625 frå biskop Nils Påske (Jostedal historielag), jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 175f
Litteratur
- Hatting, Albert. (c1775). Forsøg til en Præste-Historie, eller nogenlunde Efterretning om det Bergenske Clerisie fra Reformationen til værende Tiid. (Tredie Deel.) Utrykt manuskript, Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms.4° 57. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 1. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
- Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)
Forgjengar: Jens Jonasson |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Otto Hansson Ravn |