Mikrohistorie: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(gjør om til referanser i teksten til fotnoter)
(→‎Framvekst: noko tillegg om tysk mikrohistorie)
Linje 10: Linje 10:
I 1970-åra voks det i fleire land fram motførestillingar mot denne forma for historieforsking og -skriving. Det var kanskje innan ein nabodisiplin, sosialantropologien, dei nye trendane viste seg først. Dette faget hadde i perioden frå 1920- fram mot 1960-talet gjennomgått ei utvikling mot ein «naturvitskap om samfunn» som var nærast antihistorisk. Kravet om meir historisk djupne reiste seg gradvis blant yngre forskarar; fagområdet ''historisk antropologi'' voks fram (Christiansen 2000: 122f., jfr òg Kjeldstadli 1989).  Både innafor sosialantropologien og den historiske varianten voks elles kritikken av det etnosentriske grunnsynet faget hadde vore prega av: synet på visse samfunn som meir «primitive» enn andre.  
I 1970-åra voks det i fleire land fram motførestillingar mot denne forma for historieforsking og -skriving. Det var kanskje innan ein nabodisiplin, sosialantropologien, dei nye trendane viste seg først. Dette faget hadde i perioden frå 1920- fram mot 1960-talet gjennomgått ei utvikling mot ein «naturvitskap om samfunn» som var nærast antihistorisk. Kravet om meir historisk djupne reiste seg gradvis blant yngre forskarar; fagområdet ''historisk antropologi'' voks fram (Christiansen 2000: 122f., jfr òg Kjeldstadli 1989).  Både innafor sosialantropologien og den historiske varianten voks elles kritikken av det etnosentriske grunnsynet faget hadde vore prega av: synet på visse samfunn som meir «primitive» enn andre.  


I Tyskland utvikla opposisjonen mot den upersonlege, kvantifiserande sosialhistoria først på 1980-talet seg til det som på norsk har vore kalla «kvardagshistorie» (Alltagsgeschichte). Denne tilnærminga kan delast i ein del som i alle fall til ein viss grad fell inn under mikrohistorieomgrepet slik det er nytta her, og ein del som kanskje i større grad liknar norsk fagleg lokalhistorieskriving. Det kan sjå ut til at den akademiske delen av retninga fekk etter måten raskt ein sterkare posisjon i det nasjonale tyske fagmiljøet enn det den tilsvarande rørsla i USA og England fekk (m.a. Kaldal 1994: 98ff).  
I Tyskland utvikla opposisjonen mot den upersonlege, kvantifiserande sosialhistoria først på 1980-talet seg til det som på norsk har vore kalla «kvardagshistorie» (Alltagsgeschichte). Denne tilnærminga kan delast i ein del som i alle fall til ein viss grad fell inn under mikrohistorieomgrepet slik det er nytta her, og ein del som kanskje i større grad liknar norsk fagleg lokalhistorieskriving. Det kan sjå ut til at den akademiske delen av retninga fekk etter måten raskt ein sterkare posisjon i det nasjonale tyske fagmiljøet enn det den tilsvarande rørsla i USA og England fekk.<ref>Sjå m.a. Kaldal 1994, s. 98ff.</ref>


Det ser likevel ut til at det var i Italia frå kring 1970 at fagområdet mikrohistorie slik det blir forstått internasjonalt voks fram, i større grad (enn i Tyskland) knytt til nokre få italienske enkelthistorikarar, med Carlo Ginzburg som den mest sentrale. Desse var i utgangspunktet marxistisk orienterte, men mista etter kvart tiltrua til den makrohistoriske teorien om økonomisk vokster som både marxistar og ikkje-marxistar hadde felles (Iggers 1997: 107). Dei utvikla eit nytt sosialhistorisk konsept basert på tolking og forteljing i liten skala (Christiansen 2000: 172f).
Det ser likevel ut til at det var i Italia frå kring 1970 at fagområdet mikrohistorie slik det blir forstått internasjonalt voks fram, i større grad (enn i Tyskland) knytt til nokre få italienske enkelthistorikarar, med Carlo Ginzburg som den mest sentrale. Desse var i utgangspunktet marxistisk orienterte, men mista etter kvart tiltrua til den makrohistoriske teorien om økonomisk vokster som både marxistar og ikkje-marxistar hadde felles.<ref>Iggers 1997, s. 107.</ref> Dei utvikla eit nytt sosialhistorisk konsept basert på tolking og forteljing i liten skala.<ref>Christiansen 2000, s. 172f.</ref>


Også den språklege vendinga i historiefaget og forteljinga sin plass i faget inngår i forståinga av denne tilnærminga.
Også den språklege vendinga i historiefaget og forteljinga sin plass i faget inngår i forståinga av denne tilnærminga.


Boka Carlo Ginzburg skreiv i 1976 (på svensk 1983) om ein italiensk møller på 1500-talet og dei ideane han hadde om korleis verda hang saman var i 1999 oversett til 13 språk (Thing 1999: 7). Italiensk mikrohistorie har generelt hatt fokus på enkeltaktørar i historia.
Boka Carlo Ginzburg skreiv i 1976 (på svensk 1983) om ein italiensk møller på 1500-talet og dei ideane han hadde om korleis verda hang saman, var i 1999 omsett til 13 språk.<ref>Thing 1999, s. 7.</ref> Italiensk mikrohistorie har generelt hatt fokus på enkeltaktørar i historia.


Den tyske mikrohistorievarianten er meir inspirert av antropologiske samfunnsstudiar (community studies); ein grundig gjennomgang av heile (små) lokalsamfunn over til dels lange tidsrom heller enn enkeltaktørar, og er sterkt prega av fagomgrep frå historisk antropologi (Kjeldstadli 1989).
Den tyske mikrohistorievarianten er meir inspirert av antropologiske samfunnsstudiar (community studies); ein grundig gjennomgang av heile (små) lokalsamfunn over til dels lange tidsrom heller enn enkeltaktørar, og er sterkt prega av fagomgrep frå historisk antropologi. Landsbyane Kiebingen og Laichingen i Sør-Tyskland er mellom dei lokalsamfunna som tyske mikrohistorikarar har studert. Bak det kjente arbeidet om veverlandsbyen Laichingen sto [[Hans Medick]], ein av dei leiande tyske mikrohistorikarene.<ref>Sjå t.d. Kjeldstadli 1989 og Gorissen 1988.</ref>


I Danmark har kulturforskaren Palle Ove Christiansen vidareutvikla denne antropologisk inspirerte mikrohistoria ved å kombinere notidig feltarbeid med grundige arkivstudiar slik mange norske lokalhistorikarar er fortrulege med i noko han sjølv har kalla antropologiske feltstudiar blant menneske i fortida (Christiansen 2004: 24f og 135).
I Danmark har kulturforskaren Palle Ove Christiansen vidareutvikla denne antropologisk inspirerte mikrohistoria ved å kombinere notidig feltarbeid med grundige arkivstudiar slik mange norske lokalhistorikarar er fortrulege med i noko han sjølv har kalla antropologiske feltstudiar blant menneske i fortida.<ref>Christiansen 2004, s. 24f og 135.</ref>


==Mikrohistorie i Noreg==
==Mikrohistorie i Noreg==

Sideversjonen fra 16. jun. 2011 kl. 12:38

Mikrohistorie er nemninga på noko som helst blir kalla ei tilnærming til historisk forsking. Den Store Danske Encyklopædi bd 13 (utg. 1999) har denne definisjonen av fagfeltet: «form for historieforskning, der forsøger at tage udgangpunkt i meget små enheder så som tilsyneladende betydningsløse enkeltindivider, institutioner, byer eller landsbyer for derigjennom at afdække historiske mønstre og processer af mere omfattende rækkevidde».[1]


Framvekst

Framveksten av denne tilnærminga til historiefaget har vore rekna som ein del av den utviklinga som både nasjonalt og internasjonalt har gått under nemninga «frå sosialhistorie til (nyare) kulturhistorie», jf. tittelen på Ingar Kaldal si bok frå 2002. Sosialhistoria voks fram frå 1950-talet i opposisjon til det historiefaget som den gong dominerte, med vekt på politisk og hendingsorientert nasjonalstatshistorie. Med sosialhistoria kom etter kvart som faget utvikla seg nye perspektiv inn: historie «nedanfrå», historia til forsømte grupper, levekår, samfunnshistorie som totalitet og store teoriar som skulle årsaksforklare det temaet ein studerte. Temaet kunne t.d. innpassast i t.d. «klassekampen, industrialiseringa, urbaniseringa eller moderniseringa» (Kaldal 2002: 6). Denne sosialhistoria var i stor grad også ei «strukturhistorie», som «fokuserte på kollektivfenomen, massehandling, overindividuelle prosesser og forholdsvis varige tilstander».[2]

Førebilda for denne sosialhistoria kan nok i betydeleg rad seiast å ha vore natur- og samfunnsvitskapar, særleg fag som økonomi og demografi, altså med søking etter sikrare og sikrare («objektive») årsaksforklaringar. Den kjente franske Annales-historikaren Emmanuel Le Roy Ladurie uttalte i 1973 at «historie som ikkje er kvantifiserbar kan ikkje reknast som vitskapleg».[3] Kvantifiseringa gjekk både på økonomiske og sosiale variablar, og voks seg sterkare parallelt med utviklinga av datateknologien utover 1960- og 70-åra, særleg i USA og Frankrike.[4]

I 1970-åra voks det i fleire land fram motførestillingar mot denne forma for historieforsking og -skriving. Det var kanskje innan ein nabodisiplin, sosialantropologien, dei nye trendane viste seg først. Dette faget hadde i perioden frå 1920- fram mot 1960-talet gjennomgått ei utvikling mot ein «naturvitskap om samfunn» som var nærast antihistorisk. Kravet om meir historisk djupne reiste seg gradvis blant yngre forskarar; fagområdet historisk antropologi voks fram (Christiansen 2000: 122f., jfr òg Kjeldstadli 1989). Både innafor sosialantropologien og den historiske varianten voks elles kritikken av det etnosentriske grunnsynet faget hadde vore prega av: synet på visse samfunn som meir «primitive» enn andre.

I Tyskland utvikla opposisjonen mot den upersonlege, kvantifiserande sosialhistoria først på 1980-talet seg til det som på norsk har vore kalla «kvardagshistorie» (Alltagsgeschichte). Denne tilnærminga kan delast i ein del som i alle fall til ein viss grad fell inn under mikrohistorieomgrepet slik det er nytta her, og ein del som kanskje i større grad liknar norsk fagleg lokalhistorieskriving. Det kan sjå ut til at den akademiske delen av retninga fekk etter måten raskt ein sterkare posisjon i det nasjonale tyske fagmiljøet enn det den tilsvarande rørsla i USA og England fekk.[5]

Det ser likevel ut til at det var i Italia frå kring 1970 at fagområdet mikrohistorie slik det blir forstått internasjonalt voks fram, i større grad (enn i Tyskland) knytt til nokre få italienske enkelthistorikarar, med Carlo Ginzburg som den mest sentrale. Desse var i utgangspunktet marxistisk orienterte, men mista etter kvart tiltrua til den makrohistoriske teorien om økonomisk vokster som både marxistar og ikkje-marxistar hadde felles.[6] Dei utvikla eit nytt sosialhistorisk konsept basert på tolking og forteljing i liten skala.[7]

Også den språklege vendinga i historiefaget og forteljinga sin plass i faget inngår i forståinga av denne tilnærminga.

Boka Carlo Ginzburg skreiv i 1976 (på svensk 1983) om ein italiensk møller på 1500-talet og dei ideane han hadde om korleis verda hang saman, var i 1999 omsett til 13 språk.[8] Italiensk mikrohistorie har generelt hatt fokus på enkeltaktørar i historia.

Den tyske mikrohistorievarianten er meir inspirert av antropologiske samfunnsstudiar (community studies); ein grundig gjennomgang av heile (små) lokalsamfunn over til dels lange tidsrom heller enn enkeltaktørar, og er sterkt prega av fagomgrep frå historisk antropologi. Landsbyane Kiebingen og Laichingen i Sør-Tyskland er mellom dei lokalsamfunna som tyske mikrohistorikarar har studert. Bak det kjente arbeidet om veverlandsbyen Laichingen sto Hans Medick, ein av dei leiande tyske mikrohistorikarene.[9]

I Danmark har kulturforskaren Palle Ove Christiansen vidareutvikla denne antropologisk inspirerte mikrohistoria ved å kombinere notidig feltarbeid med grundige arkivstudiar slik mange norske lokalhistorikarar er fortrulege med i noko han sjølv har kalla antropologiske feltstudiar blant menneske i fortida.[10]

Mikrohistorie i Noreg

I Noreg nytta Sivert Langholm omgrepet mikrohistorie alt i 1974, i samband med ei utgreiing om «Ullensaker-undersøkelsen». Han definerte fagområdet som «historie på individnivå» og presiserte at dei forskjellige variablane (informasjonsbitar om fødsel, giftarmål, død og relasjonar) «kombineres på individnivå» (Langholm 1974: 246).

Likevel vart Ullensaker-undersøkinga kritisert på line med sosialhistoria generelt for å ha vore for struktur- og kvantitativt orientert i den norske debatten om den nye kulturhistoria på 1980- og 90-talet (Slettan 1996: 83ff). Langholm forsvarte seg med at både han, mange prosjektmedarbeidarar og t.d. Kåre Lunden både orienterte seg i og bruke antropologiske teoriar og metodar på 1970- og 80-talet (Langholm 2000: 153ff). Men målet var likevel noko anna: «meir å studere dei lokale og individuelle forholda som eksempel på større strukturelle samfunnsprosessar» (Kaldal 2002: 16).

Det er ikkje mange norske historikarar som uttrykkjeleg har forsøkt å skrive historie innafor denne sjangeren. Sølvi Sogner har publisert mindre arbeid ho sjølv har definert som mikrohistorie i den tydinga som er nytta her (Sogner 1994, Sogner 2006).

Litteratur

  • Christiansen, Palle Ove 2000: Kulturhistorie som opposition. Træk af forskjellige fagtraditioner. Samleren, Viby.
  • Christiansen, Palle Ove 2004: Landsbyliv. Afhandlinger om livsstil og sociale relationer i landbosamfundet frå 1700-tallet til i dag. Landbohistorisk Selskab.
  • Ginzburg, Carlo 1976 (1983): Osten och maskarne. En 1500-talsmjölnares tankar om skapelsen. Italiensk original 1976, svensk utgåve Stockholm 1983.
  • Harbsmeier, Michael 1999: Mikrohistorie – et plaidoyer. Den jyske Historiker nr 85: 7–19.
  • Iggers, Georg G. 1997 (2005): Historiography in the Twentieth Century. From Scientific Objectivity to the Postmodern Challenge. Wesleyan University Press. Første utgåve 1997, denne med ny epilog av forfattaren.
  • Kaldal, Ingar 1994: Alltagsgeschichte og mikrohistorie. Nr 2 Skriftserie frå Historisk institutt, Universitetet i Trondheim (NTNU).
  • Kaldal, Ingar 2002: Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie. Det Norske Samlaget.
  • Kjeldstadli, Knut 1989: Historisk antropologi. Historisk tidsskrift hefte 1: 50–65.
  • Kjeldstadli, Knut 1999: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget. 2. utgave. Universitetsforlaget.
  • Kjelland, Arnfinn 2009: Norsk lokalhistorie og «nyare» mikrohistorie. Heimen nr 3, 2009: 237-254.
  • Knutsen, Paul 2002: Analytisk narrasjon. En innføring i historiefagets vitenskapsfilosofi. Fagbokforlaget.
  • Langholm, Sivert 1974: Historie på individnivå. Omkring Ullensakerprosjektet – et mikrohistorisk eksperiment. Historisk tidsskrift 3: 243–272.
  • Langholm, Sivert 2000: Om kulturhistorie, sosialhistorie og hamskifter i historien. Holmgang. Om førmoderne samfunn. Festskrift til Kåre Lunden. Tid og Tanke 4. Skriftserie frå Historisk institutt, Universitetet i Oslo.
  • Slettan, Dagfinn 1996: Sosialhistorie etter 1970: «Fra sosialhistorie til kulturhistorie?» Historisk tidsskrift hefte 1/2: 78–116.
  • Thing, Morten 1999: Spor og tegn. Introduktion til Carlo Ginzburgs forfatterskab. Thing, Morten (red.): Spor. Om historie og historisk metode. Museum Tusculanums forlag. Københavns Universitet: 7–23.
  • Sogner, Sølvi 1994: Mikrohistorie og menneskeskjebner. De gamle tingbøkene – en «ny» og spennende kilde. Kirke og kultur nr 1: 21–31.
  • Sogner, Sølvi 2006: Magnus og Barbara. Mikrohistorie i Nordsjøregionen på 1600-tallet. Historisk tidsskrift 3: 377–401.
  1. Sitert i Harbsmeier 1999, s. 7.
  2. Kjeldstadli 1999, s. 84 og g Slettan 1996, s. 83f.
  3. Iggers 1997, s. 47.
  4. Iggers 1997, s. 44.
  5. Sjå m.a. Kaldal 1994, s. 98ff.
  6. Iggers 1997, s. 107.
  7. Christiansen 2000, s. 172f.
  8. Thing 1999, s. 7.
  9. Sjå t.d. Kjeldstadli 1989 og Gorissen 1988.
  10. Christiansen 2004, s. 24f og 135.