Nesvegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. nov. 2018 kl. 22:08 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesvegen sett nordover. Bilde kommer!
Foto: Roy Olsen (2018).

NesvegenNes i Sauherad kommune går søraustover frå Nesoddvegen og deler seg i fleire greiner i området kring Nes kyrkje.

Namnet har vegen fått etter staden. Han går i jordbruksland med mykje fruktdyrking.

Nr. 4 er Nes kyrkje, ei langkyrkje sett opp mellom 1100 og 1150. Ho er vigd til apostlane Peter og Paulus. Vigslingsdagen (kyrmess) var 14. september, men året kjenner ein ikkje eksakt.

Eit gamalt sagn fortel at kyrkja fyrst vart tenkt bygd på Kyrkjehaug litt lenger nord. Stein og tømmer var alt køyrt fram, men natta før arbeidet skulle starte, var byggematerialene på ein merkeleg måte flytt ut til Neshaugen der kyrkja nå ligg. Ingen våga å endre på dette.

Kjelder


Koordinater: 59.37327° N 9.22004° Ø