Nils Bakke

Sideversjon per 10. des. 2010 kl. 13:10 av Olve Utne (samtale | bidrag) (f1 -- om enn litt tynn)

Nils Bakke (18871967) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet.

Biografi

Nils Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag i 1887. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. I sine seinare år budde Nils i Kristiansund. Nils Bakke dødde i 1967.

Lydopptak

NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar.