Romanifolk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Se også Taterne i Norsk historisk leksikon.

Romaniflagget

Romanifolk (òg bl.a. kalla reisande) er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige.

Det nomadiske levesettet og ein kultur som for mange verkar framand har ført til at romanifolk gjennom tida ofte har vorte utsett for overgrep av forskjellege slag, alt frå å verte jaga frå bygda til at barn vart tekne frå foreldra og tvangssterilisering. Regional- og kommunaldepartementet skreiv på sine nettsider i 2004:

Romanifolkets historie er ikke noe norske myndigheter har grunn til å være stolt av. Den omhandler tvangssterilisering, tvangsplassering av barn i fosterhjem og kriminalisering av romanifolkets livsform. Politikken som har vært ført har bidratt til å undergrave romanifolkets levesett og kultur, og har ført til at mange selv i dag ikke ønsker å vedkjenne seg sin identitet og kulturbakgrunn. Norske myndigheter har ved flere anledninger de siste årene tatt et moralsk opprør med tidligere tiders politikk overfor gruppen, og ba i 1998 offisielt om unnskyldning for de grove overgrep romanifolket ble utsatt for.

Opphav

Ein trur at romanifolket utvandra frå India omkring år 1000 e.Kr. Språket deira, rommani, er i slekt med indoiranske språk som hindi/urdu og panjabi. Dei vandra inn i Europa på 1300-talet, og kom til Skandinavia i byrjinga av 1500-talet.

Romani er nær i slekt med rom, men dei to gruppene skilde lag då romanifolket utvandra. Språka ligg nær kvarandre, og det er mange felles trekk i kulturen. Historisk har dei ofte vorte behandla som eitt folkeslag, kalla fantar, omstreifarar eller reisande.

Forfølging av romanifolk

Den såkalla «Skammens stein», eigentleg ei fellesgrav ved Ris kyrkjegard i Oslo for folk som døydde på Gaustad sjukehus, har vorte eit slags minnesmerke over overgrep mot romanifolket. Romanifolk har i seinare år en markering ved minnesmerket 7 mai.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014).

Romanifolket vart raskt stempla som syndebukkar i samfunna dei oppheldt seg i. Både kyrkja og dei verdslige styresmaktene forfølgde dei med forbod og straff. Dei hadde ikkje den same rettsikkerheita som andre. Utvising frå riket var ein vanleg reaksjon, og om ein vart tatt på ny kunne det vanke strengare straffar. Passtvangen som gjelde fram til 1860 gjorde det vanskeleg å leve som omstreifar. Sjølv da det var lempa på passtvangen, så norske borgarar kunne reise mellom sokn utan pass, var det framleis restriksjonar på romanifolk, som måtte ha reisepass heilt til slutten av 1800-talet.

På 1800-talet byrja ein del å arbeide for betre livskvalitet for reisande folk. Ein av dei mest kjende var Eilert Sundt, samfunnsforskaren som kartla «fantefølgjene» i ei serie med fantelister. Eit hovudmål var å få dei bufaste, og å få borna på skule. For romanifolket var det å verte bufast ofte ikkje eit alternativ; dei ville ikkje leggje frå seg ein så sentral del av kulturen sin. Det som byrja med omstreifarmisjon og positiv påverking gjekk over i tvang og nye forbod. Manglande skulegang for barna har vore eit stort problem, og mange foreldre opplevde at barna vart tekne frå dei. Lausgangarlova vart også nytta i stort monn heilt til ho vart avskaffa i byrjinga av 1970-åra. Mange romani havna på tukthus eller arbeidshus med heimel i lausgangarlova. Assimileringspolitikken vart ført heilt fram til 1980-åra.

Det har også vore ein del fokus på høve der romanifolk vart tvangssterilisert. Dette kunne skje i samband med andre inngrep, såleis at dei ikkje ein gong fekk vite at dei hadde vorte sterilisert. Grunngjevinga for at dette vart gjort var «samfunnshygiene», og inngrepa hadde heimel i steriliseringslova av 1934. Den verste tida for slike overgrep var i mellomkrigstida, og ein kan ikkje i ettertid unnlate å sette det i samband med raseteoriane som stod sterkt i mange kretsar på denne tida.

Rehabilitering

Handlaga trådvisp.
Foto: Olve Utne

Fyrst mot slutten av 1990-åra tok norske styresmakter eit oppgjer med sin eigen framferd mot romanifolk, i form av ei orsaking og ei ordning for økonomisk erstatning for dei som hadde vorte utsett for overgrep. Særleg dei som hadde vorte plassert i barneheimar og dei som vart sterilisert fekk ordningar som skulle lette prosessen med å få erstatning. Romanifolket fekk også status som nasjonal minoritet. Det styresmaktane ikkje kunne gjere vedtak om var holdningane til romanifolk. Dei vert framleis ofte møtt med skepsis og mistru.

Frå romanifolkets side har det vore ein revitalisering av kulturen, og mange søkjer å ta opp att det gamle levesettet. Framleis er det ei utfordring at ein for å gå i skulen må vere rimeleg bufast, men det har vore ein offensiv for å ta vare på språket, musikken, handverk og andre sider ved kulturen.

Ved Ris kyrkje i Oslo har ei fellesgrav for folk som døydde på Gaustad sjukehus vorte eit uoffisielt minnesmerke for overgrep mot romanifolket. Mange av dei som er gravlagde der var romani, og ein plakett har i seinare tid vorte satt opp på steinen til minne om dette. Steinen vert ofte kalla «Skammens stein», og 7. mai kvart år har romanifolk ei minnestund med kransenedlegging der.

Kartlegging

Å kartlegge folk som ikkje er bufaste er ei stor utfordring. Dei som driv slektsforsking på romanislekter og historikarar som tar for seg folkegruppa møter ofte store problem med å følgje folk gjennom kjeldene.

Dei fyrste omfattande listene ein har er Eilert Sundts fanteforteikningar frå 1845 og seinare. I dei eldste vanlege folketeljingane var reisande ofte ikkje med, om dei ikkje ved eit tilfelle var på ein teljingsstad då teljinga vart nedskrive. Frå 1865 og utover vart fleire tatt med, mellom anna fordi regelen no var at folk skulle teljast både der dei var på teljingstidspunktet og der dei hadde fast bustad. Ein kan ikkje utan vidare se i folketeljinga om folk er reisande eller ikkje, men i nokre døme er det notert. I folketeljinga 1900 er det 72 treff på ordet tater, og i folketeljinga 1910 38 treff på det same. Men om ein leiter etter eit særskild namn er det større sjanse for å finne dei i desse folketeljingane enn i 1801 og tidlegare.

I kyrkjebøkene vil ein ofte få opplysningar om at ein familie er reisande. I utgangspunktet skal det stå bustad i kyrkjeboka, og difor finn ein gjerne ein kommentar om at det er reisande, fantar eller omstreifarar. Noko som kan gjere det vanskeleg er at det truleg er ein høgare del av reisande som fekk barn utanfor ekteskap enn i befolkninga ellers. Faren sitt namn er då noko meir usikkert enn om foreldra er gift. Om namna er vanlege i området kan det også vere vanskeleg å identifisere dei sikkert, noko man ellers gjerne gjer gjennom bustaden. Den største utfordringa er nok å i det heile tatt finne fram til rett prestegjeld, for ofte vart reisande jaga frå eit prestegjeld til det neste, og barna deira kan vere døypt i ulike prestegjeld.

På grunn av forbodet mot lausgangarar fekk reisande ofte eit møte med rettssystemet. Tukthusprotokollane og rettprotokollane er difor kjelder ein ikkje kjem utanom. Her kan ein finne alder, fødestad og i nokre høve også anna informasjon. Særleg i rettsprotokollane kan ein også finne informasjon om familien. I samanhang med dette finn ein også passprotokollane. Fram til 1860 var det passtvang innanlands. Reisande skaffa seg gjerne pass, for ellers kunne dei få problem med lensmannen eller futen. I protokollane og i innleverte pass finn ein mange opplysningar om personane.

Ei interessant sekundærkjelde er slektsforskarar sine registreringar av lausfunn, ofte kalla «strays». Dette er personar som berre dukkar opp ein gong i ei kjelde, i eit anna prestegjeld enn det dei bur i. Ein del av desse personane vil vere reisande som til dømes har døypt eit barn og så reist vidare.

Grupper

Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgrupper ut frå geografi, språk og kultur — tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest. Eilert Sundt nytta omgrepa storvandringer og småvandringer, som han tok inn frå svensk der dette er ei grei måte å uttrykke seg på, men på norsk vart det ikkje grammatikalsk rett. Difor har ein seinare ofte nytta omgrepa stor- og småvandriar.

Storvandriar

Handlaga blekkspann frå Nordmøre. Metallarbeid har tradisjonelt vore ein viktig næringsveg for mange tavringar.
Foto: Olve Utne

Tavringane — òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar — hører først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlege deler av Sverige. Det tradisjonelle språket åt tavringane er rommani.

Småvandriar

Småvandriar — òg kalla mjøltravarar, splintar eller fantar — hører hovudsakleg heime på Sør- og Vestlandet. Språket deira blir kalla rodi eller rotvelsk og inneheld blant anna fleire skandinaviske ord enn rommani. Leveviset åt småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjøvegen.

Namn

Det er registrert meir enn femti namn på folkeslaget, nokre av dei som fellesnamn på alle romani, og andre namn på delar av folket. Nokre av dei mest vanlege er:

  • Barovandringar: Nytta av tavringane om seg sjølve på 1800-talet.
  • Cainitter: Kjem frå ei myte om at romani er Kains etterkomarar, dømde til å vandre jorda utan ein fast tilhaldsstad.
  • Fant: Særleg i Trøndelag/Nordmøre og Nord-Noreg.
  • Fark: Særleg i Trøndelag og Nord-Noreg.
  • Fuss: Særleg i Trøndelag og Nord-Noreg.
  • Horta romani: 'Ekte romani', særlig om tavringane.
  • Reisende: Nytta av mange romani om seg sjølve.
  • Splint: Særleg om småvandriar på Vestlandet.
  • Tater: Om alle romani. Kan kome frå tartarar og såleis vere eit opphavsnamn.
  • Tiknovandringar: Nytta av småvandriar om seg sjølve på 1800-talet.
  • Vandring: Nytta av mange romani om seg sjølve på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.

Det er òg mange namn knytta til handverk der særleg romani var aktive, som vevskeibindarar, kjeleflikkarar, grytestøyparar, hesteskjerarar/hestejalkarar, rakkarar, nattmenn, hektemakarar, trådragarar, blikkfantar og loddefantar.

«Skammens stein»

«Skammens stein» er det uoffisielle navnet på et av gravminnene på Ris kirkegård i Oslo. Denne steinen markerer en fellesgrav over døde fra Gaustad sykehus.

Det er noe usikkert hvor mange som er gravlagt her, men det dreier seg om cirka femti personer fra perioden 1965 - 1989. Blant de begravede var flere tatere som ble utsatt for lobotomering og sterilisering i regi av norske myndigheter.

Arbeidet for å omvende, og gjøre tatere bofaste, var svært aktivt på slutten av 1800-tallet og videre innover på 1900-tallet. Aktørene i dette arbeidet var i stor grad Omstreifermisjonen, som ble etablert i 1897, men også Storting og lovverk, i tillegg til legevitenskap og psykiatri. Både vergerådsloven, løsgjengerloven og ikke minst steriliseringsloven av 1934, bidro til overgrep mot taterne.

I 1998 kom regjeringen med en offisiell unnskyldning for overgrepene som ble gjort. I 2004 bevilget Stortinget midler til Romanifolkets fond, der man ønsket å gi en kollektiv oppreisning.

Hver 7. mai siden 1996 har det blitt holdt minnesseremonier i regi av Taternes Landsforbund (tidligere Romanifolkets Landsforbund) ved det som kalles «Skammens stein».

Sjå òg

Kjelder

Denne artikkelen inneheld også tekst frå ein dublettartikkel; sjå artikkelhistoria for bidragsytarar.

Lenkjer / vidare lesing

  • «De reisendes historiske holocaust» - UNIVERSITETSAVISA NR. 17, 1996 – «De reisende har blitt forsøkt utradert, enten ved utrydding eller ved assimilering, siden de kom til Norge på 1500-tallet. Fra midten av 1600-tallet ble det bestemt ved lov at det skulle være årlige ‘inkvisisjoner’, dvs. fantejakter etter ‘løsgjengere og tiggere’. Denne loven innførte også innenlandsk passtvang for å føre kontroll med de reisende og hvor de reiste.» Av Nina E. Tveter.
  • «Ein fri fugl» - Dag og Tid nr. 29, 20. juli 2000 – «Elias Akselsen er ingen omstreifar, reisande eller romani. - Eg er tater, og eg er stolt av det, seier songaren og forkynnaren frå Solør. - Dette er den stoltaste dagen i livet mitt, sa Elias Akselsen då han i vår lanserte plata Barn av den bortglemte rase, eit vitnesbyrd over den rike norske tatersongtradisjonen.» Ved Noralv Pedersen.
  • «Folket som skulle forsvinne (kronikk)» - Dagbladet, 5. mai 1996 – «Den 7. mai kan bli en merkedag i de norske taternes historie. Dette er dagen for justiskomiteens frist med å levere sin innstilling til RVs stortingsforslag om en oppreisning til dette diskriminerte folket og om anerkjennelse av at det her er snakk om en etnisk minoritet.» Av Britt Karin Larsen, forfatter.
  • «Romani 1» - Norge – Inneheld bl.a. informasjon om dei reisande i Norge (tatrane) og språket deira, romani.
  • «Romanifolkets Hovedside» – «Dette har jeg ment skal være en opplysningsside om hvem vi er, hvor vi kommer fra, hvilken levemåte våre forfedre hadde, hvilke håndtverk disse kunne, hva som er skrevet om oss, Norske myndigheters ublide politikk mot mitt folk, Kirkens delaktighet i overgrep mot oss ‘i Jesunavn’. Romanifolkets situasjon i dag, Romani organisasjoner på godt og vondt, litt om vårt språk, Romani, fotos, tekster til Romaniviser, mm.» Ved Alvin Eilertsen Viborg.