Nils Grotnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. feb. 2013 kl. 21:11 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nils Jørgen Kornelius Grotnes''' (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar fo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.