Nils Grotnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.

Familie

Foreldra var småbrukarar. Faren Elias Kristian Eliassen (1858-1927) kom frå småbruket Grønfjellet i Nord-Rana, mora Sara Lydia Nilsdotter (1864-1953) kom frå tilsvarande forhold på Fagerjorda i same bygda. Elias og Sara gifta seg i 1887. I folketeljinga 1900 er dei å finne som brukarar på Stupforsmoen, som dei forpakta nokre år. I 1902 flytta familien til Gråtneset, som dei kjøpte. Der har Nils Grotnes etternamnet sitt frå. Om familien har budd fleire stader enn på Stupforsmoen da dei kom til Gråtneset, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Nils var nest eldst av 10 sysken.

Han gifta seg i 1916 med Albertine Bergitte (Thine) Kristensen (fødd 1897) dotter til kjøpmann Peter Kristensen og Mathilde Amalie Mathiesen. Nils og Thine Grotnes fekk tre born fødde i tidsrommet 1917-1935.