Nils Narvesson Skarpmoen (1832–1915)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jan. 2023 kl. 10:34 av Niillas4 (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Narvesson Skarpmoen.

Nils Narvesson Skarpmoen (fødd 29. september 1832 i Rollag,[1] død 10. juni 1915 same stad[2]) var gardbrukar på Øvre Skarpmoen i Rollag og ein kjend ljå- og beslagsmed.[3]

Han var son av Narve Simensson Skarpmoen (1809-1872) og Gunil Levorsdotter Fløtterud (1811-1883) og vart fødd på Øvre Skarpmoen i Rollag.

Den 14. oktober 1863 gifta han seg med Liv Simensdotter Tråsåvikje frå Nore.[4] Han kjøpte halvdelen av Søre Dalagarden i Lyngdal og budde der saman med kone og barn i nokre år.[5] I 1877 kjøpte han slektsgarden Øvre Skarpmoen av mora og syskena sine og budde der til han døydde.[6]

Nils Narvesson Skarpmoen i den gamle smia på Øvre Skarpmoen.

På Øvre Skarpmoen hadde det vore smedar i fleire generasjonar, og Nils tok opp dette yrket. Han dreiv i smia på garden om vintrane og for så rundt for å selja varene sjølv. Han smidde knivar, m.a. flenseknivar for kvalfangarar, ljåar, olavsspennilar og beslag.[7][8] Han hadde smeddrenger om vinteren, og fleire smedar kom for å lære av han. I folketeljinga for 1910 er yrket hans oppgjeve som 'Smedarbeide Ljaasmed og beslag af Kjøreredskaber'. Even Tråen kallar han 'storsmed' og 'ein mester til å smi Olavsspennilar' i boka si om ljåsmiing i Numedal.[9]

Tre generasjonar ved slipesteinen på Øvre Skarpmoen. Frå venstre Nils Julian Skarpmoen (son til fotografen), Nils N. Skarpmoen og Levor N. Skarpmoen

Narve og Liv Skarpmoen hadde ni born; ein av dei var den kjende fotografen Narve Skarpmoen (1868–1930). Sjå artikkelen om Liv Skarpmoen for ei liste over alle borna.

Referansar

  1. https://media.digitalarkivet.no/view/7764/37
  2. https://media.digitalarkivet.no/view/4199/149
  3. Hoff, Knut: Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 33. Utg. Rollag kommune. 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket .
  4. SAKO, Nore kirkebøker, F/Fa/L0003: Ministerialbok nr. I 3, 1858-1866, s. 168 i Digitalarkivet.
  5. Flatin, Tov. Flesberg. Frå dei eldste tidir til no. Bd. 3, s. 139. Olaf Norlis forlag, Oslo 1932.
  6. Hoff, Knut: Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 33. Utg. Rollag kommune. 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket
  7. Tråen, Even: Ljåsmiing i Numedal, s. 66. ISBN 978-82-690897-0-7.
  8. Rollag bygdebok : ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 33.
  9. Tråen, Even: Ljåsmiing i Numedal, s. 66. ISBN 978-82-690897-0-7

Kjelder og litteratur