Liv Simensdotter Skarpmoen (1839–1910)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Liv Simensdotter Skarpmoen.
Foto: Narve Skarpmoen
Øvre Skarpmoen i Rollag, der Liv Simensdotter var gardkone ein stor del av livet.
Foto: Narve Skarpmoen
Liv Simensdotter Skarpmoen. Innhausting av rispelauv.
Foto: Narve Skarpmoen

Liv Simensdotter Skarpmoen (fødd 27. mai 1839 i Nore, død 23. september 1910 i Rollag) var gardkone på Øvre Skarpmoen i Rollag.

Ho var dotter av Simen Torsteinsson Tråsåvikje og Ingebjør Herbrandsdotter Bjørge, og vart fødd på Nord-Tråsåvikje i Nore. Den 9. juni 1839 vart ho døypt i Nore kyrkje. [1]

I 1861 drog resten av familien hennar til Amerika, men sjølv vart ho att i Nore. Den 14. oktober 1863 gifta ho seg med Nils Narvesson Skarpmoen (1832–1915) frå Øvre Skarpmoen i Rollag.[2]

Paret fekk ni barn:

Liv og Nils budde ei tid på Dalegarden i Lyngdal i Flesberg kommune, der døtrene Ingeborg og Margit vart fødde. I 1877 kjøpte Nils Skarpmoen garden av mor si etter at ho hadde sete i uskifte sidan 1872. Ved sidan av gardsbruket var han ljå- og beslagsmed.[3][4]

I 1909 selde dei garden til sonen Levor for 6000 kroner, men skøytet vart ikkje tinglyst før ved skiftet etter Nils og Liv i 1917. Liv døydde som føderådskone året etter at Levor tok over, den 23. september 1910. Dødsårsaka var eit slagtilfelle.[5] Nils budde som enkemann på føderåd på garden fram til han gjekk bort i 1915.

Referansar

Litteratur og kjelder