Nordfjordeid

Sideversjon per 12. nov. 2018 kl. 13:24 av Kallrustad (samtale | bidrag) (bilete)

Nordfjordeid er ein tettstad og administrasjonssentrum i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg ved Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjorden.

Nordfjordeid sett frå lufta (ca. 1935-39).

Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av regionen Nordfjord. Det er ein god del industri på staden, mellom anna trevare-, næringsmiddel-, verkstad- og møbelindustri.

Avisa Fjordabladet vert utgjeve frå Nordfjordeid.

Kjelder

Koordinater: 61.91219° N 5.98557° Ø