Nordfjordeid

Sideversjon per 13. nov. 2018 kl. 10:12 av Kallrustad (samtale | bidrag) (bilde)

Nordfjordeid er ein tettstad og administrasjonssentrum i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg ved Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjorden. 1. januar 2016 hadde Nordfjordeid 2891 innbyggjarar.

Nordfjordeid sett frå lufta (ca. 1935-39).

Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av regionen Nordfjord. Her ligg det dessutan fleire skular. Det er ein god del industri på staden, mellom anna trevare-, næringsmiddel-, verkstad- og møbelindustri. Eid kyrkje ligg på Nordfjordeid.

Avisa Fjordabladet vert utgjeve frå Nordfjordeid.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 61.91219° N 5.98557° Ø