Olaus Olsen Mosaas

Olaus Olsen Mosaas var fødd 1. september 1864Mosåsen i Vefsn, ikkje langt frå Mosjøen. Han var son åt gardbrukar og snikkar Ole Benjamin Kristiansson og Johanna Marie Jonsdotter.

Annonse i Nordlands Folkeblad 07. januar 1925.

Ein gong før 1900 forlét Olaus Mosaas Vefsn. Han fór nordover til Harstad, og der opna han i 1902 Harstad Papirforretning saman med Petter Dass Johansen Strauman. Han vart gift med Hansine Elise Ingebriktsdatter (fødd 13. mars 1872), ei kvinne frå Trondenes. Dei budde i St. Olavs gate 29. Ho døydde 19. september 1911 og ligg gravlagd på Tofta saman med far sin.

I Harstad hadde Mosaas ein bokbinderlærling, Ole Andreas Rasmussen, f. 1880.

Nokre år seinare var Olaus Mosaas tilbake i Mosjøen. Der dreiv han bokbinderi på sine eldre dagar.

Sjå òg

Litteratur

Aviser og tidsskrift
  • Norsk Kundgjørelsestidende (08.12.1902).
Dokument, offisielle
  • Folketeljing av 1865, Vefsn: Olaus J. Ols., Mosaasen eller Finhaugen
  • Folketeljing av 1875, Vefsn: Olaus Jørgen Olsen, Mosås (Finhaugen)
  • Folketeljing av 1900, Trondenes: Olaus Olsen Masaas
  • Folketeljing av 1910, Harstad: Olaus M. Mosaas
Ymist
  • DIS-Norge: Gravminne i Noreg: ID 1927958