Olav Momrak (1868–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. sep. 2017 kl. 16:47 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Olav Aslakson Momrak (1868-1944)''' var født i Fyresdal. Foreldra var Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), gift 1851 med Anne Gunnarsdotter Klauvreid (1833-1911) frå Skafså...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Aslakson Momrak (1868-1944) var født i Fyresdal. Foreldra var Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), gift 1851 med Anne Gunnarsdotter Klauvreid (1833-1911) frå Skafså. Dei var gardfolk på S. Momrak gnr. 28/1 og så på S. Snarteland gnr. 1/2 der Aslak var frå. Aslak og Anne fekk 9 born, Olav var nr. 8 av desse. I 1891 vart han gift med Else Talleivsdotter N. Væting (1869-1945) frå N. Væting gnr. 35/1.

Fyrste bustad

Som nygifte budde dei fyrst på Haugom (Haugen) i Folkestadbyen i Fyresdal, deretter på Vestby som og er i Folkestadbyen. Dei kjøpte ein gard i Vestfold men lengta heim att til Fyresdal og i 1894 vart garden Øvre Haugane gnr. 95/2 i Hauggrend kjøpt. Her vart dei buande livet ut. Dei fekk 7 born saman: Aslak f. 1892, Torleiv f. 1894, Lars f. 1896, Anne f. 1898, Erling f.1901, Arne f. 1903 og Sigmund f. 1005. Olav kom til å gjere ein solid innsats som gardbrukar og i kristenlivet.

Gardbrukaren

Øvre Haugane er ein gamal gard som har vore i ætta frå 1600talet, med ein periode kring 1800 då den var eigd av andre, for så å kome attende i ætta då den vart kjøpt av Olav og Else. Garden ligg i ei vestvendt og solrik lid, men lendet er bratt stort sett og i jorda var det rikeleg med stor og liten stein. Olav tok no fatt på å rydde jordene for stein, av dei større vart det bygd imponerande murar og steingardar og av dei mindre vart det så fylt på som røysar. Jorda er god, men grunnfjellet kjem mange stader opp i dagen. Med ein utruleg iherdig innsats, ein del med leigd hjelp men etter kvart vart og gutane til god hjelp, vart det ein godt brukande gard. Før Olav tok fatt var det meste overflatedyrka, no vart det plog-djupn over det heile. Som vanleg var den tid hadde dei kyr, hest, sauer og gris. Uthusbygningen var frå 1700talet og tilfredsstilla ikkje bondens krav til moderne drift. Gardens resursar vart difor samla om å bygge ein ny driftsbygning, ein moderne «enhetslåve» der alt var samla under eit tak. Olav ville mellom anna ha ein låve stor nok til å kunne køyre inn høyet og eit tak bratt nok til at dei slapp å måke av snøen. Og det vart det då den nye låven var reist 1927. Her vart det plass nok på alle måtar. Stovebygning, stabbur og eldhus vart teke godt vare på men ikkje fornya denne perioden. Hagen var frå gamalt av ein god hage, denne vart vidareutvikla både med omsyn til pryd og nytte av fleire hageelskarar i familien. Skogen nytta på tradisjonelt vis. Slik vart det etter kvart ein velstelt gard som kravde jamleg innsats og arbeid av alle som kunne taka del. Aktivitet utanfor garden vart nok for det meste satsa på familie og slekt, med eit solid unnatak:

Predikanten

Fyresdal og Nissedal hadde ein levande kontakt med kristenfolket på Vegårshei, «Guds menighet på Vegårshei», og i Vrådal. Vekkinga i Vrådal i 1860 spreia seg til nabobygdene, og på eit stort stemne i Vrådal vart Jon Kiland frå Fyresdal omvend. I 1888 kom så vekkinga for alvor ved brørne frå Vegårshei, Knut Aas og fleire, og mellom dei som vart frelst var Gunnar Breivik, Olav Å. Breivik, Olav As. Momrak Haugan og Abraham Havstad. Olav Breivik, Abraham Havstad og Olav Momrak Haugan førde vekkinga til nye bygder, Jon Kiland sende dei av stad.

Korkje i Nissedal eller i Fyresdal førde rørsla til sektdanning, men den var lågkyrkjeleg. På eit foto frå bispevisitasen i 1913 er mykje ulikt kristenfolk til stades, mellom andre Olav Momrak. Han var sers aktiv i ulike samanhengar og var ein høgt respektera person, serleg i øvre del av bygda. I Veum var heimen til Olav og Else Momrak eit opent hus for kristenfolket. Det var stadig emissærar som hadde husly der. Møter vart halde på Haugane og elles i grenda eller lenger vekk. Sønene Arne (1903-1989) og Erling (1901-1971) fortalde at dei ofte sprang rundt i grenda og gjorde kjent at det skulle vere møte. Det var mange tilreisande talarar, men ein var på ingen måte avhengige av dei. Olav Momrak drog ofte utanbygds og forkynte Guds ord. Etter sokneprest Ratzau Bøckmann i Bø herma dei at den einaste som kunne tale av dei som reiste der, var Momrak. Då pinserørsla sin leiar, T. B. Barrat, kom til Fyresdal i 1913 vart han teke venleg mot av Olav Momrak og hadde det fyrste møtet hjå han. Pinserørsla etablerte seg fyrst i sentrum av Fyresdal, dette førde til litt uro i kristenfolket og Olav freista halde litt att i øvre del av bygda.

Epilog

Olav og Else hadde stor omsorg for folk i grenda og bygda, både åndeleg og fysisk, Olav var ofte på vitjing rundt om. Etter kvart vart det mindre kraft i vekkinga og det vart det også i Olav og Else på Haugane der sonen Sigmund og oftast ei tenestegjente stod for det daglege. Krigen prega det meste som elles. Då Olav døydde 11/9 1944 var presten Otto Irgens forvist frå Fyresdal og Armand Bergh var forvist prest til Fyresdal, han tala i heimen på Haugane og sonen Arne forretta ved grava. Øvre låven var rydda til samling og mat. Då Else døydde 27/3 1945 var det sonen Erling som både tala i heimen og forretta ved grava. Både Erling og Arne var prestar. Else og Olav er gravlagde på Veum kyrkjegard.

Kjelder og til utdjupande lesnad