Olav Sandåker: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(litt pirk)
(kat)
 
(3 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 3: Linje 3:

== Liv og virke ==
== Liv og virke ==
Då Olav vart 18 år fekk han plass på [[Telemark Folkehøgskule]] som låg på [[Utsond (Kviteseid)|Utsond]] i [[Kviteseid]] (der [[Kvitsund Gymnas]] ligg i dag). Her utmerka han seg i stil og diktning, og til elevbladet ''Frihug'' gav han mangt eit bidrag. Etter tida på folkehøgskulen meldte han seg til lærarskulene i Kristiansand, men her slutta han ikkje lenge etter. Han meldte seg i staden opp på eit tre månaders kurs ved ein kommunal handelsskule i same byen.  
Då Olav vart 18 år fekk han plass på [[Telemark Folkehøgskule]] som låg på [[Utsond (Kviteseid)|Utsond]] i [[Kviteseid]] (der [[Kvitsund Gymnas]] ligg i dag). Her utmerka han seg i stil og diktning, og til elevbladet [[Frihug (elevavis)|Frihug]] gav han mangt eit bidrag. Etter tida på folkehøgskulen meldte han seg til lærarskulene i Kristiansand, men her slutta han ikkje lenge etter. Han meldte seg i staden opp på eit tre månaders kurs ved ein kommunal handelsskule i same byen.  

Olav flutte snart heimover. Han dreiv tømmerhogst og hadde andre småjobbar. Snart fekk han arbeid hjå [[Landhandlar T. O. Trovatn|landhandlar T. O. Trovatn]] på Mogen i [[Øyfjell]]. Her arbeidde han som slåttekar og krambusvein. Han arbeidde også i butikkar i Kviteseid og i [[Brunkeberg]].

Linje 12: Linje 12:

{{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0826 3.jpg|Lårdal Fabriker måla av Olav Sandåker. Ukjend årstal.|Illustrasjon henta frå Johs. Sætherskaar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.}}

=== Kunstnaren ===
== Kunstnaren ==
Ein dag Olav arbeidde i butikken på Mogen kom [[Sveinung Svalastog]] innom. Svalastog fekk sjå nokre teikningar som Olav hadde laga, og vart svært oppglødd. Han råda Olav til å gå kunstnarvegen. Men Olav heldt fram å arbeide som krambusvein - både i Kviteseid og [[Brunkeberg]]. Ei tid vart han med [[Knut K. Hovden]] i Aust-Telemark og rosemåla, og frå han fekk Olav lære mykje. I heimen hans i Lårdal skal det ha stått eit utskore kroskåp som fekk 1. premie på ei utstilling i Kviteseid i 1931 (fru kammerherrinne fru Cappelens gåvepremie).  

Linje 22: Linje 22:

{{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0826 1.jpg|Olav Sandåker.|Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.}}
{{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0826 1.jpg|Olav Sandåker.|Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.}}
=== Spelemannen ===
 
Fela til Olav var laga av den kjende felemakaren [[Åsmund Hovden]], og på denne spela Olav mange kjende slåttar. Han spela både til dans og på kappleik.  
== Spelemannen ==
Fela til Olav var laga av den kjende felemakaren [[Åsmund Hovden]], og på denne spela Olav mange kjende slåttar. Han spela både til dans og på kappleik.

== Bibliografi ==
== Bibliografi ==
Linje 41: Linje 42:
* [http://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I15424&ged=Kviteseid.GED Ættesoga frå Kviteseid]
* [http://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I15424&ged=Kviteseid.GED Ættesoga frå Kviteseid]

{{DEFAULTSORT:Sandåker, Olav}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Tokke kommune]]
[[Kategori:Tokke kommune]]
[[Kategori:Kviteseid kommune]]
[[Kategori:Kviteseid kommune]]

Nåværende revisjon fra 29. aug. 2018 kl. 07:33

Olav Sandåker dreiv Lårdal Fabriker frå 1932-1962.
Foto: Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950.

Olav Sandåker (fødd på Sandåker i Morgedal 18. januar 1897[1], død 30. april 1978[2]) var son av Sigrid Sigurdsdotter Høgetveit og Lavrants Sveinungson. Olav var yngst av elleve syskjen. Han var gift med Anne Johannesdotter (f. 1905, d 1993.)

Liv og virke

Då Olav vart 18 år fekk han plass på Telemark Folkehøgskule som låg på Utsond i Kviteseid (der Kvitsund Gymnas ligg i dag). Her utmerka han seg i stil og diktning, og til elevbladet Frihug gav han mangt eit bidrag. Etter tida på folkehøgskulen meldte han seg til lærarskulene i Kristiansand, men her slutta han ikkje lenge etter. Han meldte seg i staden opp på eit tre månaders kurs ved ein kommunal handelsskule i same byen.

Olav flutte snart heimover. Han dreiv tømmerhogst og hadde andre småjobbar. Snart fekk han arbeid hjå landhandlar T. O. Trovatn på Mogen i Øyfjell. Her arbeidde han som slåttekar og krambusvein. Han arbeidde også i butikkar i Kviteseid og i Brunkeberg.

I 1932 kjøpte han Lårdal Fabrikker som omfatta sagbruk, høvleri, fyrhus, turke og eigen kraftstasjon. Frå sagbruket leverte han materiale til dei kringliggjande distrikta, men også til Vestlandet og Setesdal. Fabrikken solgte han til Råmunddal Bygg & Trevare i 1962.

Olav Sandåker vart elles kjendt som eit multitalent i Vest-Telemark. Han var dyktig både som treskjerar, rosemålar og biletkunstnar. Han spelte fele og skreiv lyrikk og gav ut diktsamling på eige forlag.

Lårdal Fabriker måla av Olav Sandåker. Ukjend årstal.
Foto: Illustrasjon henta frå Johs. Sætherskaar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Kunstnaren

Ein dag Olav arbeidde i butikken på Mogen kom Sveinung Svalastog innom. Svalastog fekk sjå nokre teikningar som Olav hadde laga, og vart svært oppglødd. Han råda Olav til å gå kunstnarvegen. Men Olav heldt fram å arbeide som krambusvein - både i Kviteseid og Brunkeberg. Ei tid vart han med Knut K. Hovden i Aust-Telemark og rosemåla, og frå han fekk Olav lære mykje. I heimen hans i Lårdal skal det ha stått eit utskore kroskåp som fekk 1. premie på ei utstilling i Kviteseid i 1931 (fru kammerherrinne fru Cappelens gåvepremie).

Medan han dreiv forretning i Kviteseid møtte han kunstnaren Erik Werenskiold og viste han nokre måleri og teikningar oppe på romet sitt. - Slutt med landhandleriet og bli kunstmaler, rådde Werenskiold han til. Olav var frista til å fylgje rådet, men var redd fattigdomen.

Olav heldt fram med rosemåling, men òg med landskaps- og portrettmåleri. Han hadde eige atelier i Lårdal, der han eigde og dreiv Lårdal Fabrikker frå 1932. Der fekk han telegram frå bilethoggaren Gunnar Utsond: «Gratulerer med dagen, slutt med sagen».[3]

Olav tok eit kurs på Leon Aurdals malerskoleMajorstua og gjekk på Kunstakademiet i 1936. Motiva henta han frå landskapet i Telemark. Han måla i ein naturalistisk stil, med grove penselstrøk og sterke fargar. Han har produsert om lag 600 måleri. Ein del av desse er i dag del av samlinga til Vest-Telemark Museum, mellom anna Førnesbrunen, måla i 1937.

Olav Sandåker.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Spelemannen

Fela til Olav var laga av den kjende felemakaren Åsmund Hovden, og på denne spela Olav mange kjende slåttar. Han spela både til dans og på kappleik.

Bibliografi

  • Sandaaker, Olav Helsing frå Telemark i dikt og prosa, Lårdal, 1973.

Referanser

Kjelder

Eksterne lenker