Råmunddal Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonsa til Råmunddal Møbelfabrikk frå 1950-talet.
Foto: Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950.

Råmunddal Møbelfabrikk vart skipa i 1936 i nedre Lårdal, i dåverande Lårdal kommune, i dag Tokke kommune. Det var Sveinung Gunnarson Råmunddal (f. 30.4.1907) som eigde og dreiv fabrikken, og den sysselsette ei tid seks-sju mann.

Til å byrje med leigde Råmunddal den gamle dampturkebygningen til Lårdal Fabrikker som på denne tida vart drive av Olav Sandåker. I 1942 bygde han privathus på ei leigetomt frå prestegarden. I 1952 fekk han også leigetomt til møbelfabrikken, og bygde verkstad, kontor og lagerbygning i 1956.

Møbelfabrikken dreiv produksjon av mange typar møblar, men særleg småmøblar, stolar og bord. Fabrikken låg lagleg til ved Lårdal brygge, og fekk slik god tilgang på bjørketømmer frå skogeigarane langs Bandakskanalen.

Mønsterbeskytta regulerbar stol frå Råmunddal Møbelfabrikk
Foto: Johs. Sætherskar (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Kring 1950 tok fabrikken til med serieproduserte møblar - særleg armstolar i bjørk som kunne produserast meir rasjonelt og som vart levera i heile landet. Det vart også produsert skuleinventar - pultar, bord, skåp og sløydbenkar.

Sveinung Råmunddal hadde fleire læregutar innom fabrikken, og blandt desse er kanskje den mest kjende treskjeraren Knut H. Hovden. Frå Råmunddal fekk han denne attesten: "Eg hev gjennom åri som lærar og snikkarmeister havt rundt 60-70 elevar og læregutar, og blant desse står Knut Hovden som ein absolutt nummer ein i å utføre nøyaktig og vakkert arbeid."[1]

I 1959 skifta Råmunddal Møbelfabrikk namn til Råmunddal Bygg & Trevare.

Kjelder

  • Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950. Digital utgåve i bokhylla.
  • Johs. Sætherskar (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåve på bokhylla.
  • Olav T. Bakken, Lårdalsoga, Skien, 1978. Digital utgåve på bokhylla.

Eksterne lenker

Gyngestol frå Råmunddal Møbelfabrikk på Digitalt Museum.

Referansar

  1. Olav T. Bakken, Lårdalsoga, Skien, 1978, s. 172