Olav T. Beito: Forskjell mellom sideversjoner
m (La til kategori Folkeminnesamlere.) |
|||
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 20: | Linje 20: | ||
* «Utsyn frå det siste leitet», i ''[[Årbok for Valdres]] 1986'' | * «Utsyn frå det siste leitet», i ''[[Årbok for Valdres]] 1986'' | ||
==Kjelder | ==Kjelder== | ||
* [http://nbl.snl.no/Olav_T_Beito Olav Beito] på Norsk Biografisk Leksikon | * [http://nbl.snl.no/Olav_T_Beito Olav Beito] på Norsk Biografisk Leksikon | ||
*{{hbr1-1|pf01036455002751|Olav Beito}} | |||
==Fotnotar== | ==Fotnotar== | ||
Linje 35: | Linje 36: | ||
[[Kategori:Oslo kommune]] | [[Kategori:Oslo kommune]] | ||
{{nn}} | {{nn}} | ||
[[Kategori:Folkeminnesamlere]] |
Nåværende revisjon fra 29. nov. 2021 kl. 18:04
Olav T. Beito (fødd i Øystre Slidre 30. mars 1901, død i Oslo 28. september 1989) var professor og språkforskar. Foreldra var Marit Engebretsdotter og Thore Andreas Beito.[1]. I 1923 tok han eksamen artium ved Voss offentlege landsgymnas. Han vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.
Beito arbeidde i Norsk Ordbok i 1943–45 og 1953–57. Han vart dosent i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–71. Samtidig var han styrar for Norsk målførearkiv. Avhandlinga Genusskifte i nynorsk var eit pionerverk innanfor arbeidet med genus i norsk, også i seinare grammatikalske verk kjem Beito attende til dette temaet. Beitos Nynorsk grammatikk : Lyd og ordlære som kom i 1970, var den mest omfattande grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik.
Olav T. Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–72 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1951.
Olav Toreson Beito døydde i Oslo.
Bibliografi
(Utdrag)
- R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære (1942)
- Norske sæternamn (1949)
- Genusskifte i nynorsk DNVA Skr. II 1954 nr. 1 (1954)
- Nynorsk målgransking (1960)
- Norske målføretekster (1963)
- Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. (1970); ny utgåve 1986
- Gammal årgang (1972) Diktsamling utgjeven under psevdonymet Ola Øyang
- Frå norsk målføregransking : Utvalde utgreiingar 1908–1969 (saman med I. Hoff, 1973)
- Artiklar og taler i utval (1979)
- «Utsyn frå det siste leitet», i Årbok for Valdres 1986
Kjelder
- Olav Beito på Norsk Biografisk Leksikon
- Olav Beito i Historisk befolkningsregister