Olav T. Beito: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 25: | Linje 25: | ||
===Fotnotar=== | ===Fotnotar=== | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Fødsler 1901]] | [[Kategori:Fødsler i 1901]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Dødsfall 1989]] | ||
[[Kategori:Forfattere]] | [[Kategori:Forfattere]] | ||
[[Kategori:Norske språkforskarar]] | [[Kategori:Norske språkforskarar]] |
Sideversjonen fra 8. feb. 2019 kl. 12:52
Olav T. Beito (fødd i Øystre Slidre 30. mars 1901, død i Oslo 28. september 1989) var professor og språkforskar. Foreldra var Marit Engebretsdotter og Tore Andersson Beito.[1]. I 1923 tok han eksamen artium ved Voss offentlege landsgymnas. Han vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.
Beito arbeidde i Norsk Ordbok i 1943–45 og 1953–57. Han vart dosent i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–71. Samtidig var han styrar for Norsk målførearkiv. Avhandlinga Genusskifte i nynorsk var eit pionerverk innanfor arbeidet med genus i norsk, også i seinare grammatikalske verk kjem Beito attende til dette temaet. Beitos Nynorsk grammatikk : Lyd og ordlære som kom i 1970, var den mest omfattande grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik.
Olav T. Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–72 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1951.
Olav Toreson Beito døydde i Oslo.
Bibliografi:
(Utdrag)
- R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære (1942)
- Norske sæternamn (1949)
- Genusskifte i nynorsk DNVA Skr. II 1954 nr. 1 (1954)
- Nynorsk målgransking (1960)
- Norske målføretekster (1963)
- Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. (1970); ny utgåve 1986
- Gammal årgang (1972) Diktsamling utgjeven under psevdonymet Ola Øyang
- Frå norsk målføregransking : Utvalde utgreiingar 1908–1969 (saman med I. Hoff, 1973)
- Artiklar og taler i utval (1979)
- «Utsyn frå det siste leitet», i Årbok for Valdres 1986