Olavius knivmakar: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
  I arbeidet sitt med knivane hadde Olavius nokså enkle hjelpemiddel. Når han trong varme, brukte han omnen. Han laga ein glohaug inne i omnen og brukte eit langt pusterør for å halde varmen oppe. Dette var aktuelt t.d. når han skulle varme horn for å forme dei til slirer. Han kunne også på denne måten  sveise beslaga, anten det var messing eller nysølv.

Då Olavius kom til Volda, var det ukjent for folket her kvar han kom frå og korfor han slo seg til her. I Volda heldt han seg  mykje for seg sjølv og bygde seg hus i eit område der ingen andre budde. Dette var mystisk. Det bygde seg derfor opp rykte om at Olavius hadde eit alvorleg brotsverk på samvitet, og at han hadde «sete inne» for det. Etter kvart etablerte dette seg som ei sanning, slik at både barn og vaksne unngjekk Olavius og var redde. Dette endå om at dei som møtte han ved knivkjøp, ved fiske i elva eller i andre situasjonar, fortalde at han var både venleg og hjelpsam. Rykta levde heilt til Arild Sætre granska bakgrunnen til Olavius Nilsen og gjorde funna sine kjende i årboka Voldaminne i 1993. Han fann at Olavius var fødd i Askvoll i Sunnfjord, men at han tidleg kom til Voss i lag med mora. Her blei han som vaksen  fleire gonger tatt for ulovleg sal av brennevin, og blei derfor landsforvist. Landsforvising vart fjerna frå straffelova i 1842. Men kanskje det i Olavius si tid ennå kunne brukast ei uformell forvising som ein måte å bli kvitt ein brysam person i lokalmiljøet. Olavius for til Amerika. Tre år seinare kom han tilbake til Norge. Men då var det vanskeleg å kome tilbake til Voss. Han måtte finne ein annan stad å slå seg til, og valet fall på Volda. Grunnen til dette valet er ikkje kjend.
Då Olavius kom til Volda, var det ukjent for folket her kvar han kom frå og korfor han slo seg til her. I Volda heldt han seg  mykje for seg sjølv og bygde seg hus i eit område der ingen andre budde. Dette var mystisk. Det bygde seg derfor opp rykte om at Olavius hadde eit alvorleg brotsverk på samvitet, og at han hadde «sete inne» for det. Etter kvart etablerte dette seg som ei sanning, slik at både barn og vaksne unngjekk Olavius og var redde. Dette endå om at dei som møtte han ved knivkjøp, ved fiske i elva eller i andre situasjonar, fortalde at han var både venleg og hjelpsam. Rykta levde heilt til Arild Sætre granska bakgrunnen til Olavius Nilsen og gjorde funna sine kjende i årboka Voldaminne i 1993. Han fann at Olavius var fødd i [[Askvoll]] i Sunnfjord, men at han tidleg kom til Voss i lag med mora. Her blei han som vaksen  fleire gonger tatt for ulovleg sal av brennevin, og blei derfor landsforvist. Landsforvising vart fjerna frå straffelova i 1842. Men kanskje det i Olavius si tid ennå kunne brukast ei uformell forvising som ein måte å bli kvitt ein brysam person i lokalmiljøet. Olavius for til Amerika. Tre år seinare kom han tilbake til Norge. Men då var det vanskeleg å kome tilbake til Voss. Han måtte finne ein annan stad å slå seg til, og valet fall på Volda. Grunnen til dette valet er ikkje kjend.

I Volda etablerte han seg altså som ein akta knivmakar. Knivane hans blei lagt merke til i samtida. Og nå i ettertid er dei ennå ettertrakta samleobjekt. I og med Sætre si gransking og artikkel i 1993 er det omdømmet som bare bygde på rykte, blitt korrigert.. Men kvar Olavius lærde å lage knivar, er ikkje kjent. Kanskje i dei tre åra i Amerika?

3

redigeringer