Olavius knivmakar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein typisk Olaviuskniv
Foto: Narve F. Birkeland

Olavius Nilsen født 19. januar 1860, død 5. september 1927, kom til Volda frå Hatlelid, Førde i Sunnfjord, og markerte seg som ein knivmakar utanom det vanlege. Han kom ved århundreskiftet 1800/1900, der han sette opp eit hus ved elva, eit stykke frå annan busetnad. Som betaling for tomta gjorde han ein del arbeid på garden som eigde området. Elles livnærde han seg med ein del jakt og fiske. Men mest med å vere knivmakar.

Eit knippe Olaviusknivar
Foto: Narve F. Birkeland

Tollekniven

I eldre tider var tollekniven ein viktig reiskap til dagleg bruk. Derfor var det mange, i alle bygder, som laga knivar. For dei fleste var det nok slik at kniven var god nok bare den dugde i det daglege arbeidet. Kniven burde nok heller ikkje koste så mykje. Men i dei fleste miljø var det somme knivsmedar som skilde seg ut, både ved å lage betre knivar og vakrare knivar. Og den kniven som verkeleg skilde seg ut, kunne bli ein verdifull eignelut som eigaren gjerne viste fram, t.d. i beltet til stasplagget. Der det var kjøparar, vart det også meistersmedar. I vår tid har dei knivane som verkeleg skilde seg ut, blitt ettertrakta samleobjekt.

I Volda, og vidare enn det, arbeidde Olavius seg opp til å bli ein akta knivmakar. Knivane hans vart kjende som gode bruksknivar. Dei hadde dessutan god form og hadde fine utskjeringar og annan dekor både på skaft og slire.

Olavius hadde ikkje smie. Derfor kjøpte han blada. Frå Sunnfjord, av beste slag, - blei det sagt. Skaftet vart til vanleg laga av rikkabjørk, - bjørkestammar som hadde fått eit spesielt mønster i veden. Reinshorn og kvalrosstann vart også nytta. Holkar av nysølv eller messing blei monterte i begge endane, og skaftet fekk gjerne utskjeringar. Slira vart helst laga av geitehorn, og den fekk også ulike beslag og utskjeringar. Når folk kunne sjå at «dette er ein Olaviuskniv», var det særleg utsmykkingane som skilde dei frå andre knivar. Variasjonane var store. Så store at det knapt finst to Olavius-knivar som er identiske. I ettertid har Olavius-knivane blitt etterspurde som samlarobjekt.

I arbeidet sitt med knivane hadde Olavius nokså enkle hjelpemiddel. Når han trong varme, brukte han omnen. Han laga ein glohaug inne i omnen og brukte eit langt pusterør for å halde varmen oppe. Dette var aktuelt t.d. når han skulle varme horn for å forme dei til slirer. Han kunne også på denne måten sveise beslaga, anten det var messing eller nysølv.

Olavius sitt liv

Då Olavius kom til Volda, var det ukjent for folket her kvar han kom frå og korfor han slo seg til her. I Volda heldt han seg mykje for seg sjølv og bygde seg hus i eit område der ingen andre budde. Dette var mystisk. Det bygde seg derfor opp rykte om at Olavius hadde eit alvorleg brotsverk på samvitet, og at han hadde «sete inne» for det. Etter kvart etablerte dette seg som ei sanning, slik at både barn og vaksne unngjekk Olavius og var redde. Dette endå om at dei som møtte han ved knivkjøp, ved fiske i elva eller i andre situasjonar, fortalde at han var både venleg og hjelpsam. Rykta levde heilt til Arild Sætre (1993) granska bakgrunnen til Olavius Nilsen og gjorde funna sine kjende i årboka Voldaminne i 1993. Han fann at Olavius var fødd i Askvoll i Sunnfjord, men at han tidleg kom til Voss i lag med mora. Her blei han som vaksen fleire gonger tatt for ulovleg sal av brennevin, og blei derfor landsforvist. Landsforvising vart fjerna frå straffelova i 1842. Men kanskje det i Olavius si tid ennå kunne brukast ei uformell forvising som ein måte å bli kvitt ein brysam person i lokalmiljøet. Olavius for til Amerika. Tre år seinare kom han tilbake til Norge. Men då var det vanskeleg å kome tilbake til Voss. Han måtte finne ein annan stad å slå seg til, og valet fall på Volda. Grunnen til dette valet er ikkje kjend.

I Volda etablerte han seg altså som ein akta knivmakar. Knivane hans blei lagt merke til i samtida. Og nå i ettertid er dei ennå ettertrakta samleobjekt. I og med Sætre si gransking og artikkel i 1993 er det omdømmet som bare bygde på rykte, blitt korrigert. Men kvar Olavius lærde å lage knivar, er ikkje kjent. Kanskje i dei tre åra i Amerika?

Murane etter heimen til Olavius i Elvadalen.
Foto: Arnfinn Kjelland 2014

Kjelder


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Olavius knivmakar er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Birkeland, Narve F.