Onarheim kyrkje vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819 må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893 låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut.

Mellomalderkyrkja

I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.

Sjølv om det ikkje finst sikre prov på at kyrkja eksisterte før 1300-talet, er det mykje som tyder på at ho må ha vore mykje eldre. I Håkon Håkonssaga vert Sigurd på Onarheim nemnd i samband med hendingar som fann stad i Bergen 1217 og 1223. Han høyrde til den inste krinsen kring kongen. Det er difor rimeleg å anta at kyrkja kan ha stått der i hans tid, og at ho vart bygd i siste halvdelen av 1100-talet - då som ei mindre gardskyrkje. Men i alle høve frå 1347 har kyrkja fungert som soknekyrkje.

Ei utgraving gjort i 1962 kan fortelja noko om korleis kyrkja kan ha sett ut. Under utgravinga vart ein del av nordmuren og vestmuren spora under og aust for koret på den noverande kyrkja. Innvendig breidde på rommet kunne bereknast til ca. 7.5 m, som samsvarar godt med oppmålinga som vart gjort i 1721. Differansen gjev ein storleik på muren på ca. 1.25 m. Ei ny undersøking på kyrkjegarden 1990 omfatta stein frå ein portal og vindauge. Mengden av kvaderstein som vart funne tyder på at kyrkja kan ha vore kvaderkledd, i det minste på utsida. Dokument frå ombygginga 1819-1821 tyder på at kyrkja må ha hatt eit særskild korutbygg.

Kyrkja frå 1600-talet fram til ny kyrkje i 1893

Utetter 1600-talet var det fleire reparasjonar på kyrkja. I 1723 kom kyrkja i privat eige. Den siste private eigaren overdrog kyrkja til soknet i 1862. Kyrkja vart besiktiga i 1686 og skildra som ei lita steinkyrkje med tømra kor. Denne skildringa vert stadfesta av ein ny rapport frå 1721, der det heiter at kyrkja er ei “muured Kirche uden Taarn, Coret og Vaabenhuuset er af Tømmer tilbygt”. Denne kyrkja vart fullstendig ombygd i 1819-20. Den nye kyrkja fekk ei noko anna plassering, ettersom murene til den gamle kyrkja hadde vorte skrale. Det var ei langkyrkje med kor og skip i eitt og same rom, i følgje den lokale informanten Gerhard Alsaker (f. 1871).

Kyrkja vart vigsla på Kristi himmelfartsdag 1821, men berre fem år seinare måtte golvet skiftast på grunn av rote. Bortsett frå det vart kyrkja halde i god stand, men som åra gjekk vart ho for lita.

I 1863 vart kyrkja overteke av kommunen. Omlag fem og tjue år seinare, i 1886, vart det gjort framlegg om at det burde byggjast ei ny kyrkje. Det endelege vedtaket vart gjort i 1891, og i 1893 stod den nye kyrkja ferdig.

Kyrkja frå 1893

Den noverande kyrkja fekk ei noko anna plassering enn dei eldre kyrkjene, som var orientert mest beint aust-vest. Då den nye kyrkja vart bygd plasserte dei henne på ein oppmurt terrasse i bakkehellet ned mot sjøen, orientert nord-sør.

Kyrkja er etter alt å døme basert på teikningar frå arkitekt H.S. Eckhoff i Stavanger, som leverte praktisk talt identiske teikningar til Skånevik kyrkje i 1899. Den ombygde Tysnes kyrkje frå 1905 har også mange likskapar med kyrkja på Onarheim. Teikningane vart signert byggmeister K. Askeland, medan sjølve bygginga vart gjort av byggmeister Torjus Tengesdal frå Sand i Ryfylke, som bygde ei rekkje kyrkjer teikna av H.S. Eckhoff.

Kyrkja er ei treskipa langkyrkje med polygonalt avslutta kor som vender mot nord, og tårn som vender mot sør. På kvar side av skipet finn ein sakristi, og tårnet er flankert av to trappehus. Grunnmuren er for ein stor del murt opp av tilhogd stein frå dei gamle kyrkjene. Kyrkja er oppført av lafta plank, medan tårnet er i bindingsverk. På utsida er ho kledd med liggjande staffpanel. Skip og kor har saltak med lange takutstikk og synlege sperrehovud. Skipet har fire par store vindauge med trekanta overdekning, medan det er to tilsvarande vindauge i koret - eitt i kvar av polygonsidene på kvar side av altartavla. Tårnet har eitt vindauge i annan og eitt i tredje etasje, med lydgluggar på alle fire sider i klokketårnet. I sakristiene er det eitt vindauge på kvar side.

Hovudinngangen vender mot sør, med ei tofløya fyllingsdør i tårnet sin sørlege fasade og enklare dører inn til trappehusa og til sakristiene.

Det vart installert elektrisk lys i kyrkja i 1951. Oppvarming i form av røyromnar under benkene og panelomnar i koret kom på plass i 1957.

Det meste av inventar og utstyr vart laga nytt i 1893, og ei rekkje gjenstandar har kome til sidan, for ein del som gåver. Den eine kyrkjeklokka er mogleg frå mellomalderen. Ein bumerkeliknande signatur er rissa inn i klokka. Den andre klokka har ein påskrift på halsen som fortel at ho er "BEKOSTET OMSTØBT J AARET MDCCCXLII AF DAVÆRENDE KIRKEIER FORVALTER MICHAEL LANGBALLE". På den andre sida står det at klokka er støypt i Bergen av Knudt Andreas Sundt.

Kulturkyrkje

I 2011 fekk Onarheim kyrkje status som kulturkyrkje i Tysnes. Det er laga til ei utstilling der ein m.a. kan sjå eldre biblar, messehaglar og anna utstyr frå den gamle Onarheimskyrkja, samt eldre gjenstandar som er henta frå Tysnes kyrkje. Her finn ein m.a. marskalkstaven til Axel Mowat, messingdøypefat frå mellomalderkyrkja og ein messehakel frå 1828. Utstillinga kom i stand etter initiativ frå lokalhistorikar Olav Skjellevik.

Kyrkjegard og gravminne

Det vart bygd nytt bårehus på kyrkjegarden i 1990. Vest for kyrkja liggjer ein eldre kyrkjegård, den såkalla Vossabakkjen. På den øvste delen av kyrkjegarden ligg diktaren Claus Pavels Riis gravlagd.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes, gards- og ættesoge. Band 4. Tysnes sogelag. 1991.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog. Tysnes sogelag. 1964 og 1975.
  • Norges kirker. Hordaland, bind 2. Gyldendal. 2000.
  • Olav Skjellevik: Tingstad, gilde og gudshus. Kåseri. 2008. Ikkje trykt.