Torjus Tengesdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torjus Tengesdal og kona Kari.

Torjus Tengesdal (1842-1908) bygde ei rekkje kyrkjer i Hordaland1800-tallet. Han var også kjend som ein dugande byggmeister og stod for oppføringa av fleire monumentale bygningar.

Tengesdal var rogalending, nærare bestemt frå Sand i Ryfylke. Han var utlært snikkar, og slo etter kvart stort på det – forutan større hus og bygningar førte han altså òg opp ei rekkje kyrkjer. I 1900 titulerte han seg som «Bygmester, hus, kirker.» Han skal ha bygd meir enn femten kyrkjer. Den siste kyrkja han bygde var ferdiglevert berre ein månad før han døydde, 66 år gammal, det var Ask kirke på Askøy ved Bergen. Tengesdal var kjend som ein klårsynt og dyktig fagmann. Ein stad heiter det at «som et Exempel på hans praktiske Dygtighed kan anføres, at i Konkurrancer om Kirker forelaa oftest Tegninger fra en eller to Arkitekter, men medens de sidstes Tegninger som Regel kom tilbage fra Approbationsmyndigheden, blev Tengesdals Tegninger approberet uden nogen Bemerkninger.» I tillegg til byggjeverksemda hadde Torjus Tengesdal òg fleire tillitsverv, m.a. som medlem av heradstyret på heimstaden.

Av kyrkjer bygd av Tengesdal kan nemnast: Strand kyrkje 1874, Strandebarm kyrkje 1876, Erfjord kyrkje 1877, Skjold kyrkje 1887, Jondal kyrkje 1888, Onarheim kyrkje 1893, Bjoa kyrkje 1894 og kyrkja på Sandeid i 1904. I 1905 tok han ned og flyttaTysnes kyrkje over eit sund til Gjerstad på Tysnes, der kyrkja vart gjenoppbygd. Som ein kuriositet kan nemnast at Skjold kyrkje vart sett fyr på av satanistar i 1991. Kyrkja er i dag gjenoppbygd.

Kjelder og litteratur

  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog. Band 2. 1991
  • Ernst Berge Drange: Sand - gardar og folk. III. 2000.
  • Knut Rage: Tysnes kyrkje 1906-2006. Festskrift til 100 års-jubileet for flytting av kyrkja. 2006.
  • Torjus Tengesdal i folketeljinga 1900 for Sand herred frå Digitalarkivet.

Eksterne lenkjer