Peder Hovdan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Elenus Hovdan, lærar og kulturhistorikar er mest kjend for å dokumenterte utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår fram mot 1950-åra.

Hovdan var fødd i Hemne i Sør-Trøndelag 28. mai 1874 og døydde 9. november 1965. Han var fødd Sivertsen, men bytte i 1915 etternamn til Hovdan etter mora sitt fødenamn. Hovdan tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1896 og arbeidde som lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899–1940.

Frå 1908 til ut i 1950-åra var han eit statistisk einmannskontor med nitid dokumentasjon av utbreiinga av nynorsk i skule, kyrkje og offentleg forvaltning. Noko av denne kunnskapen formidla han visuelt i målkart 1908, 1920 og 1948, der territoriet til herad med nynorsk i skulen blei farga raudt.

Hovdan var æresmedlem i Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.