Pollfoss hotell

Sideversjon per 19. sep. 2012 kl. 18:05 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny. Mellomlagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygd i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.

Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss.

Hotellet har i dag 26 gjesterom, og blir drive på heilårsbasis. Tidlegare har det mest vore halde ope for gjestar i sommarsesongen og i påskene.

Skysstasjon

I 1890 inngjekk gardbrukaren Chr. A. Hjelter kontrakt med staten om å halde skysstasjon og gjestgiveri ved Pollfossen i juli og august månad kvart år. Dette kom i staden for Pollmoen like i nærleiken, som til da hadde vore nytta som mellomstasjon mellom skysstasjonane Lindsheim nede i bygda og Grotli oppe på høgfjellet.

Etter kontrakten frå 1890 skulle det haldast fire faste hestar med tilgjengelege skyssgutar, og stasjonshaldaren skulle syte for godt losji til dei reisande. Kontraktstida var eitt år om gongen, og båe partar hadde oppseiingsfrist på seks månader. Samla offentleg driftstilskot var på 400 kroner årleg,