Rosekyrkja i Stordal Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard. Les mer …
Turister til Briksdal: Elling Briksdal og kona Andrine frå Åberg. Erling Briksdal fortel: "Dette er frå Briksdalen. Dette huset er innebydt i det huset som står der no. Gulehuset som vi kaller det, er grått no. Det er mine tipp-oldeforeldre som er framfor huset. Andrine frå Åberg og Elling. Det var son deira Anders som starta med kafe og overnatting i 1892. Anders er min oldefar." Foto: Postkort fra Carl Müller. Fra samling Jarl V. Erichsen Briksdal fjellstove. Briksdalsbreen ligger på nordsida av Jostedalsbreen i Briksdalen i Oldedalen i Stryn kommune.Per Briksdal forteller at skyssing av turister med hest startet opp i 1880-årene. På den tiden gikk skyssingen fra Oldevatnet, ved Rustøy, og inn mot Briksdalen. Det var gjerne de eldste og de yngste på gården som skysset. Les mer …
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer …
|