Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten (fødd ca. 1847, død 1906) var ei småbrukarkone i Nord-Etnedalen i Valdres.

Ho vaks opp på Syegarden (Oppigarden) Steinset (bnr. 9) i dåverande Nord-Aurdal kommune, no i Etnedal kommune. Foreldra var gardbrukar Mikkel Nilsson Steinset (1808-81) og Astrid Larsdotter f. Ton (1823-92). Ragnhild var den nest eldste i ein syskenflokk på seks.

Ho vart gift med Anders Nilsson frå grannegarden Sørre Steinset (bnr. 15). Dei fekk tre jenter som vaks opp: Anne (1882-1965), Inger (1883-?) og Ingeborg (1888-?). To gutar døydde berre nokre månader gamle.

Familien kjøpte i 1883 bruket Holo (gnr. 31/12) i Nord-Etnedalen. Seks år seinare bytta dei med Henrik Mikkelson og Marit Olsdotter, som hadde Rundesletten i same bygdelag. Dette var eit bruk som farbroren hennar Ragnhild, Nils, hadde fått skilt ut.

Anders døydde i 1890-åra, og Ragnhild dreiv Rundesletten vidare saman med døtrene sine. Sjølv levde ho til 8. november 1906.

Kjelder og litteratur