Randaberg kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Randaberg
1127 Randaberg komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1127
Fylke Rogaland
Kommunesenter Randaberg
Areal 24.71  km²
Areal land 24.11  km²
Areal vann 0.6  km²
Folketall 10 972 (2018)
Grunnlagt 1922, fra Hetland
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Randaberg er den nordlegaste kommunen på Jæren. I sør grensar Randaberg til Stavanger og Sola. Randaberg vart i 1922 skild ut frå Hetland som eigen kommune. Ved inngangen til 2008 hadde Randaberg 9622 innbyggjarar. Frå gammalt har Randaberg vore ei jordbruksbygd. Åkerbruk og husdyrhald, gjerne kombinert med noko fiske, var den dominerande levevegen heilt frå førhistorisk tid og fram til etterkrigstida. Stavanger utgjorde ein viktig marknad for omsetning av til dømes poteter, mjølk og slakt. Randaberg er kjent for sine tidleg-poteter. Sentrum, om lag midt i kommunen, er det eldste senteret i bygda. Her kom kyrkje, handelslag, skule og bedehus.

Frå midten av 1960-åra auka tilflyttinga, og det oppstod tettstader med bustadfelt. Særleg Sentrum, Grødem og Goa fekk mange bustader. Kommuneadministrasjonen og dei fleste butikkane ligg i Sentrum. Industrien i kommunen er i stor grad blitt samla i Dusavika og Mekjarvik. Mange av bedriftene her er oljerelaterte. Politikarane i Randaberg har freista å leggja seg på ei restriktiv line når det gjeld innflytting og tomtetildeling. Jordvern har vore eit sentralt punkt på dagsordenen, og takka vere nydyrking og lokalisering av bustader og industri i størst mogeleg grad til udyrka område, har ein lukkast med å oppretthalda Randaberg som ein jordbrukskommune. I seinare tid er gardsbruka blitt færre, men mykje større enn før gjennom sal av jord og utleige. Ein del produsentar satsar stort på grønsaker, til dømes dyrking av persille, salat og urter. Sett i høve til det totale arealet, er Randaberg den kommunen i landet som har mest oppdyrka land. Randaberg har også eiget vinmonopol.

Se også