Refsnes krins på Stadtlandet i Selje kommune.

Refsnes krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ved krinsreguleringa i 1861 strakte Refsnes krins seg frå Årvika, Ormeteig, Ervika til Morkedalen. Det var då 36 elevar. Skulestove og kost skulle haldast fleire plassar: 8 veker hjå Rasmus Pedersen Aarevik, 8 veker hjå Anders Haldorsen Dalsbø og 8 veker hjå Hans Hansen Ervik. Tilsynsmann var Nils Ferstad.

I 1923 vart det avgjort at det skulle byggast nytt hus i Refsnes krins. Grendene Ervik og Indre Morkedalen søkte då om å få bli skuld ut til eigne krinsar. Dette vart avvist av skulestyret, men elevane i Morkedalen fekk seks veker særskule. I 1924 bygde grenda Ervik sjølv eit skulehus for småskulen i protest mot at den nye skulen i Refsnes krins vart for langt unna. Der heldt dei privatskule i nokre år. Den 15. september 1924 søker oppsittarane i Ervik om fritak frå skuleskatten til Selje kommune. Skulestyret nektar dei dette sidan delinga av Refsnes krins ikkje har skjedd på ein sakleg måte.

Skulehus

Refsnes gamle skule

  • Byggeår: 1888
  • Fungerte som skule: 1888-1924
  • Anna bruksområde:

Refsnes skule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-
  • Anna bruksområde:

Ervik småskule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-
  • Anna bruksområde:

Ytre Stad grendaskule

  • Byggeår: 1998
  • Fungerte som skule: 1998-2014
  • Anna bruksområde: blir i dag brukt som bygdehus med bla. bygdekino

Årvik skule

  • Byggeår: 1925

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Andenes Olina Margreta 20.06.1895 Nordstrand, Årvik, Refsnes og Honningsvåg skular 1919, 1924 Volda lærarskule 1919 f. i Gloppen
Berstad D. 1860 Morkedalen, Årvik, Ervik 1871 1899 Balestrand lærarskule 1870
Vereide Brita 26.05.1907 Røyset, Fure, Ervik 1935 Volda lærarskule 1934

Foto

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmelding: Beretning om Folkeskolerne i Selje Skolekommune for Femaaret 1891-95. Sandane i Gloppen. Nordfjords Bog- og Accidentstrykkeri
  • Edvard Os (1957) Selje og Vågsøy - Bygdene og Bygdesamfunnet.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 62.162034° N 5.173242° Ø