Skulehistorie i Selje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Selje skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Selje kommune si skulehistorie.

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 og til 1910 var Selje og Vågsøy ein kommune, med Selje både som kyrkjestad og som administrasjonssenter. I 1900 vart Vågsøy skilt ut frå Selje med to eigne kyrkjesokn (Sør- og Nord-Vågsøy), og i 1910 vart kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune.

Selje prestegjeld vart i 1741 delt inn i fire skuledistrikt eller krinsar. I 1746 var det seks skuledistrikt, og i 1857 kom eit sjuande. I 1864 vart det første faste skulehuset i Selje bygt på prestegarden. Knut Halvorsen var lærar og klokkar i Selje frå 1862, og var den første i kommunen med lærareksamen. I 1882 brann skulehuset ned, og tre av borna til klokkaren brann inne. Nytt skulehus vart reist på dugnad.

Ordførar Sivert J. Berge forsøkte i 1874 å få kommunestyret til å vedta at ein skulle gå tilbake til omgangsskuleordninga fordi den var billegare enn fastskulen. Dette vart ikkje godteke av stiftsdireksjonen i Bergen.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Oversikt over skulekrinsar

I Selje prestegjeld var det fire skuledistrikt i 1741. Kvar av desse skuledistrikta hadde fire krinsar. Fem år seinare var der seks skuledistrikt. I dei neste 90 åra vart Moldefjorden skuledistrikt lagt ned og skipa på nytt to gongar. I 1831 hadde Selje seks skuledistrikt der to var der det i dag er Vågsøy kommune: Vågsøy søndre og nordre skuledistrikt. Dei fire andre var Stad, Nordstrand, Moldefjord og Pollen skuledistrikter. Kvar skuledistrikt hadde fem tilhøyrande krinsar. I 1854 kom det det sjuande skuledistriktet for Drage og Fure samt Kvalheim og Kråkenes.

Det var stadig endring i tal krinsar. I 1861 var der 24 krinsar fordelt på 4 faste og 6 konstituerande lærarar. I 1867 var der 11 lærarar fordelt på 26 krinsar. I 1874 var der 12 lærarar på 29 krinsar, og i 1883 skal det ha vore 30 krinsar fordelt på 13 lærarar. Det var litt over to krinsar pr. lærar.

Skulekrinsar 1831

Selje sokn Skulekrinsar
Stad skuledistrikt 1. Hoddevik med ytre Fure, 2. Ervik, 3. Morkedalen, 4. Årvik med Ormeteige, 5. Honningsvåg med Eltvik
Nordstranda skuledistrikt 1. Tungevåg til og med Beitveit, 2. Beitveit til og med Sjåstad, 3.Sande til Otnheim, 4.Sandviknes, 5. Einehaugen til og med Skorge
Moldefjorden skuledistrikt 1. Drage til og med indre Fure, 2. Årdal til Grytingane, 3. Hove til og med Hamarsvik, 4. Bortne til og med Eide, 5. Berstad til og med Salt
Pollen skuledistrikt 1. Barmøy, 2. Rundreim til og med Venøy, 3. Vetrehus til og med Seljeneset, 4. Flatraket til og med Sørpollen, 5. Osmundvåg, Silda til og med Hagevik
Vågsøy sokn Skulekrinsar
Nordre Vågsøy skuledistrikt 1. Raudeberg til og med Kjerringdalen, 2. Hovseter, Langenes og Vedvik, 3. Refvik, 4. Kråkenes, 5.Kvalheim
Søndre Vågsøy skuledistrikt 1. Gotteberg til Seternes, 2. Saltkjelen, Kulen og Måløyna, 3. Blålid til og med Evja, 4. Holvik, Våge og Vågsberget, 5. Oppedal med stranda og Torskangerpoll

Oversikt skulekrinsar over tid

1891 1892 1910 1917 1944/45 2013/14 2014/15
Hove Hove Hove Hove Hove Selje skule Selje skule
Moldestad Moldestad Moldestad Moldestad Moldestad
Stokkevaag Stokkevaag Stokkevåg Stokkevåg Stokkevåg
Eide Eide Eide Eide Eide
Kjøde Kjøde Kjøde Kjøde Kjøde
Nordstrand Nordstrand Nordstrand Nordstranda Nordstranda Stadlandet skule Stadlandet skule
Borgundvaag Borgundvaag Borgundvaag Borgundvåg Borgundvåg
Eltvik Eltvik Eltvik Eltvik Eltvik
Honningsvaag Honningsvaag Honningsvaag Honningsvåg Honningsvåg
Aarvik Aarvik Aarvik Årvik
Ervik
Refsnes Refsnes Refsnes Refsnes Refsnes Ytre Stadlandet Grendaskule
Morkedalen
Rundereim
Drage Drage Drage Drage Drage og Fure
Hoddevik Hoddevik Hoddevik Hoddevik Hoddevik
Barmen Barmen Barmen Barmen Barmøy
Sandvik Sandvik Sandvik Sandvik Sandvik
Nordpold Nordpold Nordpoll Nordpoll Nordpoll
Fladaker Fladaker Fladaker Flatraket Flatraket Flatraket skule Flatraket skule
Silden Silden Silden Silden Silda (Flytta til Vågsøy kommune i 1965)
Hagevik Ulvesund (Flytta til Vågsøy kommune i 1965)
Rødberg Rødberg (Vågsøy kommune)
Halsør Halsør (Vågsøy kommune)
Hagevik Hagevik (Vågsøy kommune)
Skavøpold Skavøpold (Vågsøy kommune)
Revvik-Vedvik Revvik-Vedvik (Vågsøy kommune)
Skram Skram (Vågsøy kommune)
Kvalheim Kvalheim (Vågsøy kommune)
Oppedal Oppedal (Vågsøy kommune)
Kråkenes Kråkenes (Vågsøy kommune)
Våge Våge (Vågsøy kommune)
Holevik (Vågsøy kommune)

Skulekrinsar

Skuleveg

Lærarar

Nokre lærarar hadde posten sin lenger enn andre, og det var i nokre krinsar stor gjennomtrekk av lærarar. I 1848 var der då 6 skuledistrikt med ein lærar i kvar distrikt.

Dei første nemte lærarane var Josef P. Moldestad (Salt-Fureneset), Rasmus Andersson Refsnes (Morkedalen og vikane på Nordvest-Stadtlandet), Gregorius Bergeson Kjøde (Nordstranda frå Skorge til Honningsvåg), Berge Jonsson Barmen (Osmundvåg, Barmen og pollane innanfor), Kristian Abrahamsson Hovset (Vågsøy), Mons Hansson Røysa (Vågsøy). Då det sjuande distriktet kom i 1854 vart Ole Nilsson Kvalheim lærar.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Sigurd Balsnes 22.07.1901 1919 Var vikar
Andreas V. Barmen 02.02.1889 d.1921
Knut Johan Severin Berstad 09.10.1876 Selje storskule Volda lågare lærarprøve 1898, Volda lærarskue 1902
Daniel Berstad 05.09.1851 d.1938
Dina Borgund 23.07.1898 Oslo lærarskule 1923
Herman Borgund 03.12.1890 d.1932
Rebekka Borgund Handarbeid i folke- og framhandskulen 1948 Konstituerande lærar

Skular og elevtal

I 2018 er det tre skular i Selje kommune. Ytre Stadlandet Grendaskule vart lagt ned etter skuleåret 2013/14.

2013/14 2014/15 2015/16 2016/17 2017/18
Tal på elevar 329 318 316 297 309
Tal på skular 4 3 3 3 3

Målform

I åra frå 1914 til 1939 vart nynorsk innført som undervisningmål i Selje-skulane. Prost Ludvig Strømme var sterk motsandard til dette. Den første krinsen som innførte nynorsk som målform var Hoddevik i 1914. I 1918 vart det innført på Honningsvåg skule, og i 1926 på Nordstranda, Barmen, Borgundvåg, Refsnes, Drage, Eide, Røyset, Sandvik, Nordpoll, Flatraket og Moldestad. Årvik og Kjøde kom etter med nynorsk i 1936. I 1939 la Stokkevåg, Eltvik og Hove krinsar om til nynorsk, dermed var det innført nynorsk i alle skulekrinsane i Selje kommune.

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmelding: Beretning om Folkeskolerne i Selje Skolekommune for Femaaret 1891-95. Sandane i Gloppen. Nordfjords Bog- og Accidentstrykkeri
  • Femårsmelding: Beretning om Selje folkeskolevæsen for femaaret 1896-1900. Kristiania. Grøndahl & Søns bogtrykkeri 1902
  • Femårsmelding: Beretning om Seljes folkeskole for 1901-1905. Kristiania. Grøndahl & Søns bogtrykkeri, 1906
  • Edvard Os (1957) Selje og Vågsøy - Bygdene og Bygdesamfunnet.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Lærartilsetjingar Selje skulestyre 1921-1954


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Selje er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.