Rennebu historielag

Sideversjon per 18. jan. 2010 kl. 22:17 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Rennebu historielag''' vart starta i 27. desember 1949. Ingebrigt O. Rokkones tok initiativet i 1947 ved å sende eit brev til kommunestyret med oppmoding til å oppnemne ein nem…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Rennebu historielag vart starta i 27. desember 1949. Ingebrigt O. Rokkones tok initiativet i 1947 ved å sende eit brev til kommunestyret med oppmoding til å oppnemne ein nemnd som kunne førebu skipinga av eit historielag. Kommunestyret nemnde opp ein person frå kvar av dei åtte skulekrinsane som var da: Aune, Voll, Refshus, Berkåk, Nordskogen, Gisnås, Havdal og Nerskogen.

Nemnda førehandsteikna over 100 medlemer før skipingsmøtet. Det første styret vart Ingebrigt Ytterhus, leiar, Arnt Kjelland, nestleiar, Ingebrigt P. Gunnes, skrivar, Jon Gunnes, kassserar og I. O. Rokkoneds, styremedlem.

Alt året etter, i 1950, kom det første årsskriftet til laget.

Kjelde