Rennebu historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Historielaget sin logo.

Rennebu historielag vart starta 27. desember 1949 og er historielag for Rennebu kommune i Trøndelag. Ingebrigt O. Rokkones tok initiativet i 1947 ved å sende eit brev til kommunestyret med oppmoding til å oppnemne ein nemnd som kunne førebu skipinga av eit historielag. Kommunestyret nemnde opp ein person frå kvar av dei åtte skulekrinsane som var da: Aune, Voll, Refshus, Berkåk, Nordskogen, Gisnås, Havdal og Nerskogen.

Nemnda førehandsteikna over 100 medlemer før skipingsmøtet. Det første styret vart Ingebrigt Ytterhus, leiar, Arnt Kjelland, nestleiar, Ingebrigt P. Gunnes, skrivar, Jon Gunnes, kassserar og I. O. Rokkones, styremedlem. Alt året etter, i 1950, kom det første årsskriftet til laget.

Laget har ikkje medlemsregistrering. Alle som kjøper årsskriftet, har stemmerett på årsmøtet. Siden 1983 har laget vore medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Formål

Rennebu historielag har som formål å

  • vekke historisk interesse
  • øke og spre kunnskap om bygdas fortid
  • verne om de materielle kulturminnene
  • berge den muntlige tradisjon som ennå fins om liv og arbeid i eldre tid
  • samarbeide med Rennebu Bygdemuseum når det gjelder opplysninger om de samlingene museet rår over
  • drifte Rennebu Bygdearkiv

Leiarar

  • Ingebrikt Ytterhus
  • Ingebrigt Stavne
  • Kåre Kosberg
  • Erik Gunnes
  • Ola Tverdal
  • Jon M.Voll
  • Birgit Foss
  • Erik Nordbø
  • Dagfinn Voll
  • Ingebrigt O. Bakk
  • Erik Uvsløkk
  • Ottar Selbæk
  • Mikkel Myrmo
  • Per Gisnås
  • Olaug Reitås
  • Arnfinn Engen
  • Ingrid Lånke

Andre viktige personar

Arnt Kjelland var pådrivar for å starte bygdemuseet og sykla rundt i heile bygda for å samle gjenstandar. Birgit Foss la bygdemuseet til rette pedagogisk, skreiv manus for omvisarane på museet og meir omfattande historieoversyn om Haugen. Ho samla, registrerte og bygde opp skulemuseet.

Hovudaktivitetar

  • Museumsdrift og kulturelle arrangement, mellom anna med tidsbilder, vandringar med omvisning til hustufter, eldre vegfar, brufeste og andre historiske kulturminner.
  • Samling av gamle fotografi frå bygda.
  • Bygdetundag i juni hvert år.

Publikasjonar

  • Årsskrift 1950 – 1955, 1958, 1960, 1964, 1966-1967, 1970, 1975-2019.
  • Opptrykk (2006) av I.O. Rokkones: Sagn og fortellinger fra Rennebu. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dagfinn Vold: «Hjartet i Vollagrenda», til opninga av museumsbutikken.
  • Amerikaslekter : utvandringen fra Rennebu. Utg. 2018. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder

Eksterne lenker