Rindal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Rindal kommune
1567 Rindal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1567
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Rindal
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall (2018)
Grunnlagt 1858 – Skilt ut frå Surnadal
Målform Nøytral
Nettside Nettside
NO 1567 Rindal.png

Rindal kommune er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal, med namn etter kommunesenteret Rindal. Han grensar mot Hemne, Orkdal, Meldal, Rennebu, Oppdal og Surnadal. Kommunen er den einaste av nordmørskommunane som ikkje grensar mot havet.

Rindal kommune vart oppretta i 1858, då området vart skilt ut frå Surnadal. I 1949 søkte kommunen om å bli overflytta til daverande Sør-Trøndelag fylke, men dette vart ikkje innvilga. Frå 1. januar 2019 går kommunen over til Trøndelag fylke.

Folkesetnad

Dalføra til elva Surna med tillaup er nokså tett busette; her er det eit mest samanhengjande jordbrukslandskap. Dei søndre og nordre delane av Rindal er derimot «praktisk talt ubebodde» (Store norske leksikon). Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Rindal, med 670 innbyggjarar (2014).

Folketalet i Rindal har gått markant nedover etter andre verdskrigen; i 2015 var det 21 prosent lågare enn i 1946.

Økonomisk utvikling

I Aschehougs konversationsleksikon frå 1924 heiter det at «Den viktigste næringsvei er jordbruk (kvægavl) og skogdrift». I 2010-åra er Rindal framleis ei jordbruksbygd, 10 % prosent av arbeidsplassane i kommunen er i denne sektoren. I tidlegare Sør-Trøndelag fylke er det berre Fræna og Surnadal som har større storfehald. Føresetnaden for kvegavlen i Rindal er dei gode hamnegangane.

Rindal har óg hatt noko industri, og er særleg kjend for skiproduksjonen sin. På 1900-talet hadde bygda tre skifabrikkar på samme tid, Haltli (seinare Rindal-ski), Landsem og Trollski. I Rindal har det dessutan vore garveri, fleire meieri, torvstrøfabrikk og fleire sag- og kvernbruk. Rindal Sparebank starta opp i 1873, og feira 140-årsjubileum i 2013.

Kultur

Dei nedre setrane i Svartådalen i Trollheimen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)

Rindal skimuseum, som er ein del av Nordmøre museum, formidlar mellom anna historia til skifabrikkane som har vore i verksemd i bygda. Rindal heimbygdlag arbeider med å samle folkeminne, folkemusikk, stadnamn, ord og uttrykk og anna lokalhistorie; laget gir ut eige årsskrift.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer

  • Adresseavisen på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)