Rindal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Rindal kommune

Rindal kommune
5061 Rindal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 5061
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Rindal
Areal 631.84  km²
Areal land 614.12  km²
Areal vann 17.72  km²
Folketall 2 026 (2018)
Grunnlagt 1858 – Skilt ut frå Surnadal
Målform Nøytral
Nettside Nettside
NO 5061 Rindal.png

Rindal kommune er ein kommune i Trøndelag, med namn etter kommunesenteret Rindal. Distriktsmessig hører kommunen til Nordmøre, men har òg tette band til Orkdalen. Han grensar mot Heim, Orkland, Meldal, Rennebu og Oppdal i Trøndelag og til Surnadal i Møre og Romsdal. Kommunen er den einaste av nordmørskommunane som ikkje grensar mot havet, og fram til overgangen til Trøndelag i 2019 var han òg den einaste kommunen i heile Møre og Romsdal som ikkje grensa til havet.

Rindal kommune vart oppretta i 1858, då området vart skilt ut frå Surnadal. I 1949 søkte kommunen om å bli overflytta til daverande Sør-Trøndelag fylke, men dette vart ikkje innvilga. Den 1. januar 2019 gikk kommunen over til Trøndelag fylke.

Folkesetnad

Dalføra til elva Surna med tillaup er nokså tett busette; her er det eit mest samanhengjande jordbrukslandskap. Dei søndre og nordre delane av Rindal er derimot «praktisk talt ubebodde» (Store norske leksikon). Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Rindal, med 670 innbyggjarar (2014).

Folketalet i Rindal har gått markant nedover etter andre verdskrigen; i 2015 var det 21 prosent lågare enn i 1946.

Økonomisk utvikling

I Aschehougs konversationsleksikon frå 1924 heiter det at «Den viktigste næringsvei er jordbruk (kvægavl) og skogdrift». I 2010-åra er Rindal framleis ei jordbruksbygd, 10 % prosent av arbeidsplassane i kommunen er i denne sektoren. I tidlegare Møre og Romsdal fylke, der Rindal låg fram til 2018, er det berre Fræna og Surnadal som har større storfehald. Føresetnaden for kvegavlen i Rindal er dei gode hamnegangane.

Rindal har òg hatt noko industri, og er særleg kjent for skiproduksjonen sin. På 1900-talet hadde bygda tre skifabrikkar på same tid, Haltli (seinare Rindal-ski), Landsem og Trollski. I Rindal har det dessutan vore garveri, fleire meieri, torvstrøfabrikk og sag- og kvernbruk. På 2000-talet er det trevareindustrien som er viktigast.

Rindal Sparebank vart grunnlagt i 1873 og feira 140-årsjubileum i 2013.

Kultur

Dei nedre setrane i Svartådalen i Trollheimen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)

Rindal skimuseum, som er ein del av Nordmøre museum, formidlar mellom anna historia til skifabrikkane som har vore i verksemd i bygda. Rindal heimbygdlag arbeider med å samle folkeminne, folkemusikk, stadnamn, ord og uttrykk og anna lokalhistorie; laget gir ut eige årsskrift.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer

  • Adresseavisen på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)