Roholt kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

m
Linje 17: Linje 17:
Med orda til Paul Linnå i tankane passar det at kyrkjeverje Ole Olsen Nordbø skreiv eit brev til heradsstyret og kravde at dei måtte velje ein komite til å ordne opp i dette. Så skjedde. 16. juli 1864 valde Vrådals Sognebestyrelse fire menn som skulle besiktige kyrkja, og så kome med eit forslag til løysing – både praktisk og økonomisk. Desse fire var Stener Torjusen Kragenæs, Lars Gundersen Sinnæs, Petter Gundersen Flatland og Christoffer Leivsen Roholt. Ideen om ei ny og romslegare kyrkje kom ok fram på denne tida, men det kom til å ta meir enn tjuge år før kyrkjelyden kunne flytta inn i ei ny kyrkje. Ein strid om kor nykyrkja skulle byggast var ein del av dette, [[Waldemar Emil Holst|sokneprest Holst]] støtta dei som ikkje ville flytte kyrkja men det gjorde ingen skilnad. Dei presten kalla «dei mægtige Mænd fra Øvre Vrådal» vann, og kyrkja vart lagt nærare der dei budde.

== Nykyrkja er ferdig, og gamlekyrkja rivas ==
== Nykyrkja er ferdig, og gamlekyrkja vert riven ==
I 1885 stod [[Vrådal kyrkje|nykyrkja på Sanden]] som arkitekt [[Christian Heinrich Grosch|C.H. Grosch]] hadde teikna klar, om lag 2,5 kilometer lengre vest. Etter at den siste gudstenesten var forretta 19. mai 1887 vart kyrkja taken ut av bruk og eit stort flyttelass gjekk til [[Sanden (Kviteseid gnr 14/3)|Sanden]]. Mykje av inventaret i gamlekyrkja reiste dit, preikestolen, altartavla, døypefonten, salmetavler, altarbord, krusifikset, ljosestakar og eit skrin til oblatane, båe klokkene reiste og – om enn den eine var sprukken. Til og med hengsle og dørhella fekk plass på lasset, saman med låsen og lykjelen til kyrkjedøra. Når innboet hadde reist, var kom turen til tømmeret. Det vart mellom anna stall og stoge ved nykyrkja. Gapestokken reiste ikkje langt, den stend no på tunet til vestre Roholt.

Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043

redigeringer