Roholt kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Postkort av Roholt kyrkje, her kalla Vraadals gamle kirke, Telemarken.

Roholt kyrkje sine tufter og kyrkjegard ligg ved garden Roholt vestre i Kviteseid. Kyrkja er og kjend som Vrådal gamle kyrkje. Vest og sør for tuftene ligg to rundhaugar frå jarnalderen. Den åttekanta kyrkja vart lafta i grovt malmtømmer frå området rundt, med økser som dei viktigaste reiskapa. I 1685 var ho ferdig, og året etter vart kyrkja vigsla. På denne tida var herr Amund prest i soknet. Som seg hør og bør hadde kyrkja og ein gapestokk, ein tre meter lang steinbjelke med jarnring hol i mannshøgde. Eit informasjonsskilt ved kyrkjegarden fortel at dette var den fyrste åttekanta kyrkja i Noreg. Det fortel og at kyrkja hadde eit spontekt tårn, sjølve skipet var tømra og kledd med plank utanpå medan sakristiet og vapenhuset var bygd i reisverk. Den siste gudstenesta vart heldt 19. mai 1887, så vart mykje av inventaret flutt til Vrådal kyrkje og tømmeret nytta i andre bygg. Kyrkjetuftene er verna.

Forfall og sal

Eit enkelt stein-altar er reist der kyrkja sitt opphaveleg stod.
Foto: Siri Johannessen (2016).
Heller syner kyrkja sitt grunnriss.
Foto: Siri Johannessen (2016).
Ein raudmåla port i kyrkjegardsmuren gjev tilgang frå sør.
Foto: Siri Johannessen (2016).

I dansketida vart Roholt kyrkje seld saman med resten av kyrkjene i prestegjeldet med rubbel og bit av innbo til «Karen, salig Kristen Thommesens enke» frå Arendal, som 12. februar 1726 selde kyrkja til 17 bønder i Vrådal for 110 riksdaler. Ein av orsakane til at kyrkjene vart selde den fyrste gongen var at dei vanta vedlikehald og trengte sterkt til vøling. Det hadde truleg ikkje skjedd medan Karen var eigar heller. I 1764 skreiv kanselliråd Løvenskjold sin Beskrivelse over Bratsberg amt. I den står skrive at kyrkja i Vrådal ikkje har noko kyrkjegods, er i almogens eige – og er «bygget av sten». Kvifor han meiner den er av stein, er ikkje klårt.

Med tida vaks talet på innbyggjarar i Vrådal, og kyrkja vart for trong. Eit ekstra kor dei hadde lagt til i 1803 hjalp ikkje. Forfallet gjekk vidare, og mange kjelder fortel at ho på seint i 1850-åra var i ei elendig tilstand. Nedanfra angrep rote og telehiv takka vere den ugrunna, låge muren. Ein mur var skakk og dei venta berre på at tårnet skulle ramla ned. Kyrkjeskatten ga ikkje rare inntekta, den var berre på 18 skilling, og ikkje enkel å drive inn. Det var lite pengar bland folk den gongen, men i 1862 og –63 samla dei inn pengar til vøling lell. På den same tida reiste den danske målaren Paul Linnå rundt i Telemark, og i boka Med skissebog og fiskestang gjennom Thelemarken 1864 fortel han om kyrkja sin sørgelege stand:

«Det er en klein Kirkeklokke, anmerket jeg. Ja, Tårnet er så skralt at Ringeren må klater op på Taget og slå med en Hammer. Og det viste sig at ei alene Tårnet, men hele Kirken var såre skrøbelig og kunde på langt nær rumme den talrige Forsamling, hvoraf mange, og deriblant jeg, stod udenfor de åbne Vinduer, ud mellem hvilke kom en næsten kvælende Luftstrømsbølge, så man havde blot lidet godt av Prædiken.»[1]

Ein vinter sprakk ein av kyrkjeklokkene, og i hundreårsskriftet vert Ellen Roholdt si historie om korleis det hende attgjeve:

«I gamle dagar måtte folk sjølve syte for å skaffe gravar og ein til å ringje ved gravferden. Å ringje på rett vis måtte det litt øving til. Ved ei gravferd frå Øvre Vrådal var det ingen med som hadde ringt før. Det var sprengkaldt den dagen, og han som ringde ville stoppe klokka og tok innpå med ein våt vott, og so sprakk den.»[2]

Med orda til Paul Linnå i tankane passar det at kyrkjeverje Ole Olsen Nordbø skreiv eit brev til heradsstyret og kravde at dei måtte velje ein komite til å ordne opp i dette. Så skjedde. 16. juli 1864 valde Vrådals Sognebestyrelse fire menn som skulle besiktige kyrkja, og så kome med eit forslag til løysing – både praktisk og økonomisk. Desse fire var Stener Torjusen Kragenæs, Lars Gundersen Sinnæs, Petter Gundersen Flatland og Christoffer Leivsen Roholt. Ideen om ei ny og romslegare kyrkje kom ok fram på denne tida, men det kom til å ta meir enn tjuge år før kyrkjelyden kunne flytta inn i ei ny kyrkje. Ein strid om kor nykyrkja skulle byggast var ein del av dette, sokneprest Holst støtta dei som ikkje ville flytte kyrkja men det gjorde ingen skilnad. Dei presten kalla «dei mægtige Mænd fra Øvre Vrådal» vann, og kyrkja vart lagt nærare der dei budde.

Nykyrkja er ferdig, og gamlekyrkja vert riven

I 1885 stod nykyrkja på Sanden som arkitekt C.H. Grosch hadde teikna klar, om lag 2,5 kilometer lengre vest. Etter at den siste gudstenesten var forretta 19. mai 1887 vart kyrkja taken ut av bruk og eit stort flyttelass gjekk til Sanden. Mykje av inventaret i gamlekyrkja reiste dit, preikestolen, altartavla, døypefonten, salmetavler, altarbord, krusifikset, ljosestakar og eit skrin til oblatane, båe klokkene reiste og – om enn den eine var sprukken. Til og med hengsle og dørhella fekk plass på lasset, saman med låsen og lykjelen til kyrkjedøra. Når innboet hadde reist, var kom turen til tømmeret. Det vart mellom anna stall og stoge ved nykyrkja. Gapestokken reiste ikkje langt, den stend no på tunet til vestre Roholt.

Stavkyrkja på Roholt

Den lafta kyrkja var den andre på denne staden, den vart truleg bygd på staden der den fyrste stod. Det var ei stavkyrkje som må ha vore vigsla føre 11. november 1395biskop Eystein av Oslo nemner henne i det hyrdebrevet som og er kjend som «lokalstatutt for Øvre Telemark».[3] Riksantikvaren sin database Kulturminnesøk fortel at «På 1570-tallet låg det ein skyldpart (v thønnr Korn) i Krageness til mensa ved Kviteseid hovedkirke (St. 225), ein indikasjon på eit tidlegare prestebol til Roholt kyrkje.»[4] Biskop Jens Nilssøn kom på visitas til Kviteseid prestegjeld i 1595 og nemner «Roeli» bland annekskyrkjene. På den tida var det «1 mijl» til hovedkyrkja, og gudsteneste i Vrådal kvar fjerde sundag.

Det kan tykkjast noko merkeleg at denne kyrkja låg berre sju kilometer frå den gamle kyrkja i Kviteseid, men på den tida var det ikkje så enkelt å reise til eller frå Vrådal. Mellom Kviteseid og Vrådal ligg eit høgdedrag som stig minst 200 meter opp, og nedturen på nordsida går no i 2017 i hårnålssvingar ned Kviteseid-kleivane. Om me legg til (mykje) snø og kanskje vind om vinteren seier det seg at det ikkje var ein enkel sundagstur.

Kyrkjegarden og gravminna

Rundt kyrkjegarden er ein steingard med ein raud port i. Låsen ser ut til å ha årstalet 1937 rissa inn. Framleis vernar kyrkjegardsmuren nokre gravar med jarnkors eller gravsteinar, hellene i bakken som syner kyrkja sitt omriss og eit enkelt altar i stein der koret ein gong var.

Gravminnene av jarn er ikkje alltid så enkle å tyda, nokre er brukne av foten og sett upp så berre baksida visas. Lav og rust gjer og sitt til at teksta på andre snautt er synleg.

Over jenta Rannei Stenersdatter Kragenæs, i Kviteseid ættesoge kalla Rannei Steinarsdotter Lofthus, er ein jarnkross med denne teksta reist (med atterhald om at det kan vere feil i tydinga):
Herunder hviler
Rannei Stenersdatter
Kragenæs føt 21 marts 1858
Død 5 Februar 1867
Rannei kan vere dotter til Stener Torjusen Kragenæs, ein av dei fire i komuteen som skulle kome med tilråding om vøling og nybygg av kyrkje i 1864.
Foto: Siri Johannessen (2016).
Ved kyrkjegardsmuren på sydsida lutar ein stor jarnkross seg mot muren, og teksten på den synlege sida er
Retskaffa og god var din vandel
Ligesom du var opofrende for
[an]dres vel Gud velsigne dit minde
Foto: Siri Johannessen (2016).
Hans J[akobson] Øen (Øy) (1807–1883) sitt steinminne er tagalt. Alt det fortel er namnet, føde- og dødsår og ingenting om at han hadde vore gift to gonger, fekk tre born med den fyrste kona og 14 med den andre, og måtte selje ættegarden Øy etter berre om lag ti år som eigar. Han fekk redda unda Krintolen, Fossoy, Bjorøy og Venliheii, og flutte med familien til Krintolen – ei øy i Nisser.
Foto: Siri Johannessen (2016).
Kyrkjegarden sett frå det sørøstre hjørnet.
Foto: Siri Johannessen (2016).


Referansar

  1. Sanden 1986 7
  2. Sanden 1986 13.
  3. Mørch 2007.
  4. Roholt kyrkjeRiksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Kirker i Kviteseid kommune

Kjelder og litteratur

Koordinater: 59°19′17.1″ N 8°27′07.3″ Ø