Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.

Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne

Historie

Grammatikk

Fonologi

Sørsamisk manglar, i motsetning til ume-, pite- og nordligare samiske språk, stadieveksling, men har til gjengjeld eit rikt utbygd omlydssystem.

Vokalar

Generelt har sørsamisk eit rikt system av korte vokalar, lange vokalar og diftongar. Skriftspråket opererer med desse urunda vokalane:

i e æ a
ie ee ae
ea aa


Dei runda vokalane er:

y u o å
ue oe åe
öö ua åa åå

I uttalen finst det nyansar som ikkje er uttrykt i skriftspråket. For eksempel uttrykkjer grafemet (i) både lys i og mørk i, der den sistnemnte kan skrivast med tødlar: «ï». Likeleis har kort (a) både ein lys og ein mørk uttale (den sistnemnte kan spesifiserast som «â»). Lange vokalar og diftongar inkluderer dei tvetydige (ie) (meir nøyaktig «ie» vs. «ïe») og (ee) (meir nøyaktig «ee» vs. «ææ»).

Bibliografi

Fotnotar

Kjelder