Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunenivå. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge.
Salmebok på
umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.
InndelingHistorieDet samiske forvaltningsområdetBibliografiFotnotarKjelder
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|