Samnanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. sep. 2019 kl. 10:38 av Kallrustad (samtale | bidrag) (SNL-lenkje)
Hopp til navigering Hopp til søk
Samnanger
1242 Samnanger komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1242
Fylke Hordaland
Kommunesenter Tysse
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall (2018)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Samnanger kommune ligg inst i Samnangerfjorden, med Bergen i vest, Voss og Vaksdal i nord, Kvam i aust og Os og Fusa i sør. I 2009 vart det registrert fleire busetjingsspor frå bronsealder/jernalder på Ytre Tysse i Samnanger. Men det er funne ein flintdolk, flintsigder og ei diabasøks i bygda. Det har i tidlegare tider vore drive jordbruk, småhandtverk, jakt og fiske. På 1600-talet var det mykje handel med Skottland. På 1800-talet var også Samnanger til liks med Hardanger livleg engasjert i jaktetrafikken med sildefiske og handel med klippfisk frå Nord-Norge til Bergen.

Fram til 1885 ferdsel og handel mest sørover ut fjorden, men etter at jernbanen kom, og det vart bygd veg til Trengereid, auka kontakten med Bergen.

I moderne tid har vasskrafta hatt mykje å seie. Sist på 1800-talet starta Samnanger Ullvarefabrikk med kraft frå Tyssefossen. Fabrikken brann til grunnen i 1931. I 1941 bygde SAFA ny ullvarefabrikk på barnntomta og har seinare vore ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. Safa er den einaste fabrikken i sitt slag som har greidd konkurransen og er i full drift i Norge. Tidleg på 1900-talet bygde Bergen lysverker ut Samnangervassdraget, etter initiativ frå m.a. O. W. Fasting og Christian Michelsen. Vassdraget leverar no omlag 20 % av vasskrafta til Bergen kommune, og står igjen foran ei større utbyggjing.

Eksterne lenkjer