Sandella Fabrikken er ein skumplastprodusent i Sykkylven. Verksemda var ved etableringa i 1961 ein avleggar av Sande Fabrikker A/S i Sande i Vestfold. Det var dei to venene Arild Wahlstrøm og Martin Mehren som under krigen gjorde opptaket til Sande-bedrifta. Då møttest dei jamleg sommartida under laksefisket i Lærdalselva, og i Lærdal vart tanken fødd om ein reparasjonsverkstad for støvlar og sykkeldekk.

Frå 1946 kom verksemda inn i fastare former, Det vart danna eit aksjeselskap, Sande Fabrikker A/S. Produksjonen vart då kontorstolputer, skriveunderlag og lister av porøs gummi til buss- og bilindustrien.

Skumgummiproduksjon tok bedrifta opp i 1952. Det leidde naturleg over til framstilling av skumgummimadrassar.I 1957 vart det introdusert ein metode for å lage skumgummi industrielt. Prinsippet var enkelt: Latex-råstoffet vart slått opp i eit stort eltekar, om lag likt det dei har i bakeindustrien. Så vart massen piska til han fekk den rette skumkonsistensen. Eit dansk firma utvikla framstillingsmetoden, og Sande Fabrikker innleidde eit samarbeid med dette firmaet. Først etter dette kom Sande Fabrikker A/S for fullt inn i møbelindustrien. Frå 1957 hadde dei ein agent i Sykkylven, Kjell W. Grebstad. Året etter skipa Sande til ein demonstrasjon i bruk av skumgummi for møbelindustrien i Sykkylven. Dei lokale møbelfabrikantane synte stor interesse, og Sande-bedrifta vann seg stadig nye kundar her i bygda.

Ein av dei største kundane var Hjalmar Brunstad. Då Sande Fabrikker byrja å emne på planar om å etablere ein skumgummifabrikk på Sunnmøre, gjekk Brunstad sterkt inn for at verksemda skulle leggast til Sykkylven. Slik vart det sjølv om også andre alternativ var nøye vurderte. Bakgrunnen for at Sande Fabrikker ville skipe ei dotterbedrift på Sunnmøre, var at det var her dei fleste møbelbedriftene låg.

Sandella Fabrikken kom i gang frå 1.januar 1961 i eit bygg i Straumgjerde der Hjalmar Brunstad hadde hatt lager. Sandella utvida det ein etasjes huset med ei høgd til. Bjarne Aas vart tilsett som disponent.

I 1963 kom talet på tilsette opp i 11, og i 1967 hadde dette talet auka til 28. Første året i Straumgjerde skjedde skumgummiframstillinga ved hjelp av store mixmasterar som piska opp latex-stoffet. Etter eitt år la bedrifta om til kontinuerleg produksjon av skumgummi. Etter omlegginga auka kapasiteten og salet, og det var klart at ei utviding måtte til. Tomta dei hadde tillet ikkje vidare utbygging. Difor vart det i 1965 bygsla eit areal av Per Brunstad på Vik. I august 1968 kunne industriminister Sverre Walter Rostoft opne den mest moderne skumgummifabrikken i Skandinavia. Første byggesteget omfatta ein fabrikkhall på ca. 1300 m2. I tillegg var det fyrhus, kontorfløy i to høgder og transformatorrom. Samla areal var på 1760 m2.

Det tidlegare fabrikklokalet i Straumgjerde vart omgjort til ei såkalla konfeksjoneringsavdeling. Seinare vart det formavdeling der. I 1985 vart alle aktivitetane til Sandella samla på Vik. I 1970 innleidde Sandella eit samarbeid med det italienske firmaet Gommagomma om produksjon av formstøypt polyuretan, eller kaldskum. Bedrifta var først ute med å støype sitteputer, ryggputer og vangar i konstruksjonar i tre og stål i kaldskum

Skumgummiproduksjonen fekk seg eit ulivssår etter oljekrisa i 1973. Sandella nytta mykje olje til vulkaniseringsprosessen. Samstundes steig prisen på latex til det tredoble. Bedriftsleiinga tok difor avgjerda om å kvitte seg med utstyret som var knytt til skumgummiproduksjonen og satse fullt på det syntetiske polyuretanskummet. Det nye anlegget kom i gang etter sommarferien i 1974. Dei neste ti åra hadde Sandella ei særs positiv utvikling.

Bedrifta oppretta ei underavdeling på Årnes i 1983, Runno Interiør. Der produserte dei delar til kontorstolar og sovesofaer.

I 1986/87 vart Sandella Fabrikken kraftig utvida. Utvidinga kom like før ein nedgangskonjunktur råka møbelindustrien. Prisane på produkta frå Sandella vart pressa, slik at verksemda kunne notere eit svakt økonomisk resultat i 1987. I 1988 og 1989 var driftsresultata langt hyggelegare.

Tidlig på 1990-tallet byrja Sandella å selje produkta sine også til marknader utanfor Noreg. Danmark var den første marknaden bedrifta gjekk inn i. Etter kvart som omsetninga auka, vart det behov for endå ei produksjonsline. I 1996 vart den siste av dagens fire produksjonsliner i Sykkylven montert.

På grunn av eit auka sal utanfor Noreg, vart det i 1998 sett opp ein fabrikk i Danmark. Denne fabrikken skulle betjene marknadane frå Danmark og sørover i Europa. Sandella Danmark AS starta produksjonen i februar 1999. Samtidig vart også Sandella Sverige AB etablert. Med verknad frå 1.januar 1999, tok Sandella over ei avdeling for formstøypt polyuretanskum frå FIAB i Forserum, søraust for Jønkøping i Sverige.

Ureflex AS i Danmark vart overteken i april 2007, medan Sandella Danmark vart lagt ned hausten samme år.I 2010 vart også Ureflex lagd ned.

Våren 2008 vart Foam Construction i Svedala i Sverige kjøpt. Det vart Sandella si andre bedrift i Sverige.

Sandella er i dag den største uavhengige produsenten av formstøypt kaldskum i Europa og sysselsetter 52 personar i Norge, 2 persoaer i Danmark og 24 personar i Sverige. Produkta vert i dag selde i 13 land og totalt hadde Sandella i 2012 ein produksjon på ca 1,3 millioner støyp og ei omsetning på 110 millionar kroner.

I 2012 tok Sandella over skumplastprodusenten Westnofa på Åndalsnes.

Disponent ved Sandella Fabrikken var frå 1989 Steinar Furnes. Dei siste åra har Ingemar Eliassen leia skumplastbedrifta. Preben Mehren, som til grunnleggaren, eig bedrifta.

Kjelde: