Seksæring

Seksæring, trerø(r)ing, trerømming og trekeiping er nokre av dei mange namna på opne vestnorske tradisjonsbåtar med tre rorsrom utan mellomliggjande rom. Seksæringen blir rekna som den største småbåten. Med sine seks årar og ei lengd som ofte berre er ein fot eller to større enn store færingar får ein stor rorskraft, og seksæringen har da òg vore mykje bruka som skyssbåt — inkludert som postbåt og lensmannsbåt.

Åfjordsseksring.
Foto: Olve Utne (2015).

Vårhærre e stærk — men tre mann i en sæksring e òg nokka!

– Munnhell frå Helgeland

Namn

Seksæring

Seksæring viser til at båttypen har seks årar. Namnet seksæring, inkludert formene seksring og sekstring er bruka langs store deler av kysten. Somme stader blir det oppfatta som eit nyare ord — særlig formene seksring og sekstring.

Trekeiping

Trekeiping viser til antalet keipar på ei båtside. Namnet trekeiping blir bruka i Hardanger og Sunnhordland.

Trerøring

Trerømming

Bildegalleri

Seksæringar i tradisjonsbåtregisteret

Her er det medteke båtar med tre rorsrom, uavhengig av lokal nemning.

Rogalandsbåtar

Sunnhordlands- og hardangerbåtar

Sunnmørsbåtar

Nordlandsbåtar

Kjelder

Sjå òg