Seljordvegen (Bø i Telemark)

Sideversjon per 30. des. 2018 kl. 20:11 av Rool (samtale | bidrag)

Seljordvegen i Bø i Telemark går frå Bøgata i krysset med Frivollvegen i sentrum til kommunegrensa mot Seljord i Øvre Bø, der vegen fortsett som Manheimstrondi.

Seljordvegen sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2017).

I Øvre Bø ved Sanda Camping, kryssar vegen Bøelva på den 48 m lange Sandabrua.

Vegen er 12,5 km lang og er ein del av Rv 36. Den blei namnsett i 1991.

Nr. 328: Tidlegare Forberg skule.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.41518° N 9.05601° Ø